Hopp til innhold

- Alle blir nervøse når nokon hostar

Vossajenta Hilde Nesje Vedå bur og arbeider i Mexico by. Utbrotet av svineinfluensa gjer at ho og sambuaren stort sett held seg heime.

Gerardo Ayala og Hilde Nesje Vedå

TETT KONTAKT HEIM: - Eg har hatt meir kontakt med familien no enn til vanleg og gjer stadig beskjed om at alt framleis går bra, fortel Hilde Nesje Vedå. Her saman med sambuaren Gerardo Ayala utanfor leiligheten i Mexico by.

Foto: Karina Flores Flores

Siviløkonomen frå Voss vakna fredag opp til meldinga om sjukdomsutbrot i Mexico by, der ho bur og arbeider. På ettermiddagen bestemte arbeidsgjevaren hennar, Prudention Real Estate Investors seg for å sende henne og kollegene hennar heim for å jobba. Også sambuaren, Gerardo Ayala (33) er sendt heim frå jobben, etter at han viste teikn til forkjøling.

- Alle blir litt nervøse når det er ein som er rundt deg som hostar, så dei var litt bekymra på jobben hans på mandag når han hosta. Det er greit å ha stadfesta frå legen og kunne sei til resten av verda at han kun er forkjøla og at det ikkje har noko med svineinfluensaen å gjera, fortel Hilde.

- Sit meir inne

Paret bur i leilighet i eit av dei nye høghusa i Santa Fe, eit stykke utafor sentrum. Her har dei budd i to år no, etter at Hilde fullførte sin master i økonomi og administrasjon på Norges Handelshøgskule i Bergen.

Gerardo Ayala og Hilde Nesje Vedå

FRISK: - Eg har ikkje fått symptom i det heile tatt, fortel 28-åringen frå Voss.

Foto: Karina Flores Flores

Staden er nokså avskjerma og smittefaren er mindre her enn mange andre stader. Paret gjer det dei kan for å unngå smitte.

- Det blir mykje meir innandørstid enn vanleg. Vi har planlagt ein ferietur i helga, men den tenkjer me på å avlysa no, seier Hilde.

Sender stadig melding heim

Heime på Voss er foreldra Stig og Oddrun naturleg nok bekymra, men Hilde held dei oppdaterte.

- Eg har hatt meir kontakt med familien no enn til vanleg og gjer stadig beskjed om at alt framleis går bra. Eg trur dei bekymrar seg endå meir fordi dei ikkje heilt forstår kva som skjer her borte.

Hilde beklagar seg over korleis Mexico framstår i heimlege medier.

- Først kom svineinfluensaen, så eit jordskjelv. Det verkar som alt det gale som kan skje skjer i Mexico i desse dagar. Det er sjølvsagt rett å melde frå om desse tinga, men eg meiner alle dei dårlege nyhendene gjer eit urett bilete av Mexico.

- Har ikkje symptom

Ho vedkjenner at situasjonen er alvorleg, men veit ikkje om smittefaren er så stor som media vil ha det til. Sjølv kjenner ho ingen som har blitt smitta eller har vist symptoma til svineinfluensa.

- I forhold til kor mange som bur her er det veldig få som har blitt smitta. Eg trur grunnen til at ein advarer så mykje er at det kan bli mykje værre enn kva det er akkurat no.

Til venner og kjente heime, ber Hilde dei om ikkje å bekymra seg:

- Her går det bra så langt. Eg har ikkje fått symptom i det heile tatt. Vonar dette går fort over og at dette ikkje kjem til Norge.

Les også: - Kommer sakte, men sikkert til Norge