Bergingsmannskap er no i ferd med å stabilisere trålaren som sokk ved kai i Moldefjorden i Selje i går. Ei flytekran frå Ødegaard Berging i Ålesund er komen til Selje.
I ettermiddag skal dykkarar gå inn i båten for å stogge lekkasjen slik at vatnet kan pumpast ut.
Om den 60 meter lange havaristen ikkje vert stabil nok under lensinga vurderer forsikringsselskapa å hente ei mykje større kran frå Eide Marine Services i Sunnhordland. Då kan den eine krana syte for at "Paula" ikkje går rundt.
I mellomtida taper Domstein Selje 500.000 kroner i omsetnad for kvar dag "Paula" blokkerer kaia. Og makrellasta på 250 tonn ombord i havaristen risikerer å bli så dårleg at ikkje ein gong sildoljefabrikkane kan ta imot den.