Hopp til innhold

Fekk pengar til forsking – no er eigaren av krabbefabrikken tiltalt for skattesvindel

Fabrikkeigaren hevda han forska for 36 millionar kroner. Det trur ikkje politiet noko på. No er han tiltalt for skattesvik.

Løkeland krabbefabrikk

TOTALSKADD: Skatteetaten fann få spor etter forskinga som fabrikkeigaren hevda vart gjort fram til storbrannen råka i 2016.

Foto: Thomas Brakstad

Mannen i 50-åra er, som styreleiar i selskapet, tiltalt for grovt skattesvik mellom 2014 og 2017.

I skattemeldinga skal han ha opplyst at fabrikken brukte over 36 millionar kroner på å utvikle nye produkt av restavfallet frå krabbefabrikken. Det gav eigaren kring 6,6 millionar kroner i skatterabatt.

Skatteetaten meiner derimot fabrikken forska og utvikla for kring sju millionar. Politiet er usikre på om det har vore forska i det heile.

Tiltalen tek høgde for noko forsking, men i langt mindre grad enn det som er oppgjeve for desse åra, seier politiadvokat Sigurd Åsnes Granli.

Storbrann i 2016

Sigurd Åsnes Granli, Vest politidistrikt

POLITIADVOKAT: Det tok nesten eitt år frå saka vart meld til politiet starta den krevjande etterforskinga. – Det er ei alvorleg sak. Skattefunnordninga er tillitsbasert, seier politiadvokat Sigurd Åsnes Granli om tiltalen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Den 97 år lange historia fekk ei turbulent avslutning for fiskematleverandøren på Atløy i Askvoll. Store delar av fabrikken gjekk tapt i storbrannen nyttårsaftan 2016. Politiet klarte aldri å finne brannårsaka. I 2019 melde fabrikken oppbod, og i fjor la politiet også vekk skuldingane om forsøk på forsikringssvindel.

Allereie i 2016 fatta Skatteetaten mistanke om misbruk av Skattefunn-ordninga. Dette er ei ordning der verksemder som utviklar varer, tenester eller produksjonsprosessar kan få støtte som skattefrådrag gjennom skatteoppgjeret, og få 19 prosent av kostnadane trekt frå i skatteoppgjeret. Målet er å motivere til meir forsking.

Fabrikkeigaren vart meld sommaren 2018. No er mannen tiltalt for to brot på Likningslova §12-2, og to brot på Straffeloven §379. Sogn og Fjordane tingrett har sett av seks dagar når den kjem opp i juni.

Christian Flemmen Johansen

FORSVARAR: Christian Flemmen Johansen er knapp i kommentarane kring tiltalen mot mannen i 50-åra.

Foto: Nils Mehren / NRK

Mannen har vore gjennom fleire avhøyr.

Min klient vedgår ikkje straffeskuld. Utover det er det ikkje ynskjeleg å førehandsprosedere saka i media, seier mannen sin forsvarar, Christian Flemmen Johansen.

Drift eller forsking?

Tiltalen knyter seg til to prosjekt som skulle finne metodar for å gjere ekstraktar og protein av krabbe og torskerestar.

Kort forklart meiner politiet at ein stor del av prosjektkostnadane som fabrikkeigaren melde inn, som prosjektkostnader, var driftskostnader.

Vi vil prosedere saka i tingretten og imøtegå det som er retta av skuldingar mot min klient der, seier Johansen.

Granli meiner lovbrota er eit grovt brot på tilliten til ordninga. Han presiserer at ein berre kan krevje skattefrådrag for utgifter knytt til konkrete forskingsprosjekt.

– Det er ei veldig alvorleg sak. Skattefunn-ordninga er tillitsbasert, som gjer at ein får særskilt fordel frå staten for å drive denne type forsking og utvikling, seier han.

Ifølgje Dagens Næringsliv gjorde Skatteetaten fleire funn då dei gjennomførte bokettersyn.

  • Maskiner som ville vore påkravt i forskinga var verken kjøpt eller leigd.

  • Prosjektleiaren budde på ein annan kant av landet. Vedkomande tok ikkje ut løn, men fekk arbeidsavklaringspengar.

  • Alle andre tilsette var utanlandske sesongarbeidar, som jobba med mottak, pakking og forsendingar.

  • I 2016 selde selskapet fleire tonn sjømat enn dei hadde oppgjeve å kjøpe inn, inkludert endringar i varelageret.

Som følgje av funna måtte fabrikken betale tilbake store delar av støtta dei fekk gjennom ordninga, samt betale ein ekstra straffeskatt.

Når det gjeld saka som skal opp for retten, seier Granli at innkjøp av råvarer har stått sentralt.

– Saka byggjer ein del på om det er kjøpt råvarer til den ordinære drifta, eller konkret til forskingsprosjektet, seier politiadvokaten.

Beslag i fabrikken

Skatteetaten omtalar saka som av dei «meir alvorlege sakene» knytt til misbruk av ordninga.

– Beløpsmessig er det ikkje mange Skattefunn-saker å samanlikne med, men samanlikna med andre skattesvik-saker er 6,6 millionar kroner alvorleg, seier Granli.

Politiet varslar at dei vil legge ned påstand om at mannen blir frådømd retten til å drive næringsverksemd. For å sikre verdiar dersom mannen blir dømd til erstatning og inndraging, har politiet og fått retten si godkjenning til å ta beslag i to eigedomar, to bilar og aksjane mannen har i holdingselskapet, som eig fabrikkeigedomen.

Saka kan velte mannen sine planar om ny drift på tomta.

– Gjennom aksjane er det indirekte teke beslag i fabrikkeigedomen, seier Granli.