Hopp til innhold

Deler av fabrikk totalskadd i storbrann

Krabbefabrikken på Atløy i Askvoll har stått i full fyr sidan klokka halv sju i dag tidleg. Brannen har blussa opp fleire gonger, men rundt klokka to meldte brannvesenet at dei har full kontroll på det som var att av brannen.

Brannen på Atløy

FULL FYR: Krabbefabrikken på Atløy har stått i full fyr i morgontimane nyttårsaftan.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi har kome oss vekk ifrå fabrikken og i ly for røyken. Vi fekk beskjed om at det kunne vere skadelege gassar i brannen, og at vi difor måtte halde oss unna. Det seier Nandor Helgheim som oppheldt seg i eit av nabohusa til fabrikken då brannen braut ut.

Brann på krabbefabrikken

FLAMMAR: Dette bilete er teke av ein av naboane til fabrikken, flammane stod i full fyr rundt klokka sju nyttårsaftan.

Foto: NRK-tipsar

Rundt klokka elleve vart dei næraste naboane evakuerte i fare for at brannen kunne spreie seg. Politiet fortel at det stod nokre kjøleskap inne i fabrikken, og at det i verste fall kunne kome nokre eksplosjonar om dei skulle ta full fyr. Etter nokre timar med sløkkingsarbeidet kunne dei likevel melde at dette var avverga.

Det er Løkeland krabbefabrikk på Herland på Atløy som har stått i full fyr. Brannmannskap trudde lenge at dei hadde kontroll på brannen, men rundt klokka 11 blussa det opp i brannen på ny.

– Vi har hatt brannmannskap hovudsakleg frå Askvoll, men også ifrå Førde og Dale har det kome folk, seier Siv Sørstrand ved alarmsentralen.

Naudetatar på Atløy

FLEIRE NAUDETATAR: Både brannvesenet og politi er vore på Atløy i samband med brannen

Foto: Alf Vidar Snæland

Har spreidd seg til heile fabrikken

Løkland krabbefabrikk består av to delar, ein ny del og ein gamal del. Det var i den gamle delen det først var meldt om brann, men etter kvart skal brannen ha spreidd seg til den nye delen. Også inne på fryselageret skal det ha teke fyr.

Naudetatar på Atløy

PRØVDE Å AVGRENSE: Brannmannskapet trudde ei stund dei hadde klart å avgrense brannen til den gamle delen av krabbefabrikken, men etter kvart spreidde den seg også til den nye delen

Foto: Alf Vidar Snæland

Eigarane av fabrikken er bortreist, og for å kome seg inn til det låste fryselageret måtte naudetatane bruke ein motorsag.

– Det var ei stund usikkert om vi klarte å halde brannen unna den nye delen, men no har det teke fyr og blussa opp også der, seier Åge Løset i politiet på staden.

Brannen på Atløy

FLEIRE NABOAR: Krabbefabrikken på Herland har fleire nære naboar, både fastbuande og hyttefolk.

Foto: Alf Vidar Snæland

Har brunne ned til grunnen

Den gamle delen av krabbefabrikken skal ha brunne heilt ned til grunnen, sjølv om brannmannskapet kom til staden ganske raskt.

– Ferja frå Askvoll til Atløy har gått i shuttletrafikk med brannmannskap og pumpe, og brannvesenet har kome seg ut der ganske raskt etter at vi først fekk melding om brannen.

Motorsag opnar dør til fryserom

MÅTTE NYTTE MOTORSAG: Eigarane av fiskefabrikken er vekkreist, og politi og brannvesen laut difor ta i bruk motorsag for å kome seg inn. Her sager dei opp døra til fryelageret.

Foto: Alf Vidar Snæland

Vi har fått fleire tips om at naboar har måtte evakuere grunna farlege gassar i røyken frå fabrikken?

– Ja, det kan stemme. Det har vore lagra fleire flasker med freongass og Co₂ i fabrikken, men brannmannskapa skal ha vore klar over det heile tida, og desse skal no ha brunne heilt opp, seier Sørstrand.

Krabbefabrikk sidan 1919

Løkeland krabbefabrikk på Atløy vart skipa av Sigurd Løkeland i 1919, og er framleis drive av familien Løkeland. Det er ein av dei siste krabbefabrikkane som er att på kysten, og lokala fungerer også som fiskemottak.

Den gamle krabbefabrikken

DEN GAMLE FABRIKKEN: Slik såg det den opphavlege krabbefabrikken på Herland ut

Foto: Fylkesleksikonet

På det meste jobba det svært mange på fabrikken, men i dag har dei 13 tilsette. I fjor hadde Sigurd Løkeland AS ein omsetnad på over 28 millionar, og eit overskot på vel 1 million kroner.