Hopp til innhold

Her vil Stryn byggje ny cruisehamn – ønskjer eksplosiv cruisevekst velkomen

Medan dei i Venezia lagar forbod, vil Stryn leggje til rette for fleire cruiseskip. – Turisme me burde leggja bak oss, seier MDG-topp.

Ny turistkai i Loen

NY CRUISEKAI: Ordførar i Stryn Per Kjøllesdal (Sp) sikter på å byggje ny hamn for cruiseskip mellom Loen og Olden. I dag finst ein landingsplass for helikopter her.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Me har eit ønske om å gjere produktet vårt enno betre, seier ordførar i Stryn kommune Per Atle Kjøllesdal (Sp).

Olden i Stryn kommune er i dag ein av dei mest populære cruisedestinasjonane i landet.

I 2017 var det 106 skip med til saman 177 000 passasjerar til den vesle bygda inst i Nordfjord.

Neste år er det lagt inn bestillingar for 174 skip. Det vil tyde om lag 450 000 cruiseturistar.

Kommunen spår at utviklinga vil halde fram i åra framover.

– Derfor ser me etter ei kai nummer to, seier ordføraren.

Håpet er at eit nytt kaianlegg skal byggast på Tyvaneset mellom Loen og Olden innan fem år.

Per Kjøllesdal, ordførar Stryn (Sp)

VELKOMEN: Ordførar i Stryn Per Kjøllesdal (Sp) ønskjer cruiseturistane velkomen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Full stans under korona

Koronapandemien har ført til full stans i cruisetrafikken til Noreg.

Trass null cruiseturistar har Stryn kommune hatt den høgaste auka i omsetning frå turistar sidan 2019 i landet.

Ordføraren fortel at biletet er samansett.

– Mange har hatt eit godt år, medan andre har hatt eit veldig dårleg år. I tillegg er sesongen utan cruiseskip veldig kort, seier ordføraren.

Stort sett er innbyggarane glad for cruiseturismen, likevel finst det ei grense, seier Kjøllesdal.

– Me er veldig bevisste på kor mange båtar me slepp inn, seier han.

Kontaktutvalet i Olden har over lengre tid uttrykka bekymring for at bygda ikkje er tilstrekkeleg i stand til å handtere så store turistmengder som det er planlagd for.

– Det handlar om alt frå søppeltømming, ladestasjonar og vegar – det er mange flaskehalsar inn i fjordane her som må gjerast noko med, seier leiar for kontaktutvalet i Olden, Ketil Finsås Hansen.

MS Aurora i Olden

VEKST: Stryn ønskjer at fleire cruiseskip legg til hamn i Olden og omland.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK
Arild Hermstad framfor Hurtigruten

FEIL VAL: – Stryn burde snu ryggen til fossilbasert cruiseturisme og heller famne om ein berekraftig kortreist turisme, seier fungerande leiar i MDG, Arild Hermstad.

Foto: Øyunn Kåset / MDG

MDG: Stryn må sjå til Venezia

Forureinande, stygg og bråkete – cruiseturismen har blitt kritisert for mykje dei siste åra.

I Venezia har dei lokale styresmaktene denne sommaren fått nok. Dei har forbode all cruisetrafikk frå i det heile tatt å segle inn i lagunen til verdsarvbyen frå og med august.

Fungerande leiar i Miljøpartiet (MDG) Arild Hermstad meiner Stryn må sjå til Venezia.

– Dette er ei form for turisme me burde leggje bak oss, seier han.

Han synest det høyrest ut som ein særs dårleg idé å byggje ut store område i og rundt strandsona for cruisenæringa.

Framfor å satse på cruiseturistar fortel Hermstad at det løner seg både økonomisk og klimatisk å satse på kortreiste turistar.

– Desse turistane ønskjer heller ikkje å oppleve Stryn overfylt av cruiseturistar og eksos frå enorme cruiseskip, seier Hermstad.

Venezia legg ned forbod mot at cruiseskip får segla inn i lagunen frå og med 1. august.

FORBOD: Venezia legg ned forbod mot at cruiseskip får segla inn i lagunen frå og med 1. august.

Foto: MIGUEL MEDINA / AFP

Store utslepp frå cruiseskip

I den nye klimaplanen til EU er det føreslått å skjerpe miljøkrava knytt til skipsfart.

– Eitt einaste cruiseskip slepp ut like mykje CO₂ som 80.000 personbilar, sa leiar for EU kommisjonen, Ursula von der Leyen, idet ho la fram tiltaksplanen.

I 2018 vedtok Stortinget at berre cruiseskip som seglar på straum eller hydrogen får lov å segla inn til dei viktigaste norske turistfjordane seinast frå og med 2026.

Dronning Sonja besøkte Flåm tidlegare i sommar og merka seg at utsleppa frå cruiseskipa er eit problem.

– Du går faktisk i eksos, uttala dronninga då.

Dronning Sonja i Flåm

UTSLEPP: Dronninga tok sjølv initiativ til å snakke om utslepp frå cruiseskipa då ho besøkte Flåm tidlegare i sommar.

Foto: Heiko Junge / NTB

Vil løysa forureining med landstraum

Ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (V) har i lag med ordførar i Stryn ivra etter meir cruisetrafikk til Nordfjord.

Ordførarane meiner utfordringane knytt til forureining vil løysast med landstraum.

Til cruisehamna i Nordfjordeid i Stad kommune har statsføretaket Enova løyvd 19 millionar kroner til landstraumanlegg.

Eitt skip har om lag det same effektbehovet som det Loen og Stryn har til saman på ein kald vinterdag.

Berre for det eksisterande anlegget i Olden i Stryn er prisen på landstraum rekna til 200 millionar kroner. Det vil kome i tillegg til utbygging av ny hamn, gangveg og anna infrastruktur.

Ordføraren er likevel positiv, og trur reknestykket vil gå i pluss.

– Med dei tala me har no ser det lovande ut, seier Kjøllesdal.

Ny turistkai i Loen

TYVANESET: Håpet er at det vil stå ein ny hamn for cruiseskip her innan 2026.

Foto: Steinar Lote / NRK