Hopp til innhold

Her vil dei ha meir nynorsk i barnehagane

Nynorsken står sterkt i Sogn og Fjordane, men i bokhyllene i barnehagane er denne målforma i mindretal. Det vil prosjektet Nynorske lesefrø gjere noko med.

Høgtlesing i lesekroken

NYNORSKSPIRER: Høgtlesing i lesekroken i barnehagen er stor stas, synest ungane i Holsen barnehage i Førde. Men i bokhylla er det bokmålsbøker som dominerer. – Me skulle gjerne hatt fleire nynorskbøker, seier Jogeir Bruflot Slettevold.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

Jølster kommune er ein av åtte pilotkommunar i det nystarta prosjektet Nynorske lesefrø, som er sett i gong av Nynorsksenteret i Volda.

I samarbeid med kommunen og det lokale biblioteket vil Nynorsksenteret leggje til rette for at barnehagane får fleire bøker i si målform inn i hyllene.

Janne Karin Støylen

TIDLEG KRØKAST: Janne Karin Støylen er prosjektansvarleg for Nynorske lesefrø og håpar barnehageungane skal få meir kjennskap til nynorsk skriftspråk.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

– Det er så mange gode nynorskbøker. Det gjeld berre for oss vaksne å faktisk nytte oss av dei, seier prosjektansvarleg for Nynorske lesefrø, Janne Karin Støylen. Under føredraget i Langhaugane barnehage i Jølster, let ho dei tilsette få fleire smakebitar frå nynorske barnebøker.

Godt utval

Til barnehagane i Jølster er det no gjort innkjøp av ei rekkje bøker på nynorsk. Bokdepotet skal nyttast både i opplæringa, i tillegg til at foreldre og barna kan låne dei med seg heim.

– Det er lett å velje bokmålsbøker, fordi me gjerne tenkjer at dei er betre. Men no gler me oss til å ta i bruk alle dei nye bøkene me har fått, fortel pedagogisk leiar i Langhaugane barnehage Heidi Karin Hylderås.

Etter å ha delteke på eit føredrag om prosjektet er ho, saman med dei andre tilsette i barnehagane i Jølster, klare for å inkludere fleire nynorskbøker i opplæringa.

– Heldigvis er det sånn at det er eit stort samanfall mellom at ei bok er på nynorsk og at ho er av god kvalitet, seier føredragshaldar og prosjektansvarleg Janne Karin Støylen.

Nynorske lesefrø

NYNORSKENS DISIPLAR: I tillegg til prosjektansvarlege, er Nynorske lesefrø òg avhengige av eldsjeler i barnehagane for at bøkene skal bli tekne i bruk: Rita Andersen Heieren (frå venstre), pedagog i Ålhus barnehage, Grete Skaar Sunde, biblioteksjef i Jølster, Eli Sunde Kjusnes, pedagogisk leiar i Skei barnehage og prosjektansvarleg Janne Karin Støylen.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

Skal styrke språket

– I bokhandelen er det gjerne bokmålsbøkene som står fremst i hylla. Men det er ikkje noko problem å finne fengjande barnebøker på nynorsk, smiler biblioteksjef i Jølster, Grete Skaar Sunde.

Det er ho som står bak innkjøpet av bøker som er gjort i samband med prosjektdeltakinga. Skaar Sunde håpar dei tilsette og foreldra nyttar seg av dei mange bøkene som no blir tilgjengelege.

– Håpet er at dette skal ha positiv effekt på språkkunnskapen når ungane når skulealder, fortel Janne Karin Støylen.

Ho trur barnehagen spelar ei viktig rolle for språkkunnskapen hjå barn.

– Ungar i nynorskkommunar treng å sjå at dette språket kan nyttast i fleire former. Slik kan dei styrke språkidentiteten sin. I tillegg trur me det er positivt for lese- og skriveevna deira.