Her veit dei å nyte godvêrsdagane

– Vi får henta inn att litt av etterslepet, konstaterer Samson Øpstad ved forskingsstasjonen Nibio i Fjaler. I går var Fureneset blant dei varmaste stadane i landet med 20,7 varmegrader.

Bioforsk Vest Fureneset

FLOTTE DAGAR: Ved Nibio i Fjaler får forskarane hente inn att litt av etterslepet på arbeid som skulle vore gjort.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det viser i alle fall Meteorologisk institutt sine offisielle målingar. Varmast var Svelgen med 21,3 varmegrader. Kaldast var Folldal med 2,3 blå grader.

Ved Norsk Institutt for Bioøkonomi (Nibio) sin stasjon i Fureneset, tidlegare Bioforsk, veit dei tilsette å nyte godvêrsdagane.

– I går var vi på velferdstur til Værlandet, og i dag gjennomfører vi feltforsking, jordprøver og førebur tredjeslått av fleirårig raigras. Vi set pris på gode arbeidsvilkår, seier stasjonsleiar Samson Øpstad.

Over 20 varmegrader

Samson Øpstad

POSITIVT: Samson Øpstad ved Nibio i Fjaler er svært glad for opphaldsvêret vi har hatt i september.

Foto: ERLEND BLAALID OLDEIDE / NRK

Det har vore nokre flotte og varme dagar for vestlendingane. Og dette vil halde fram om ein skal tru meteorologane.

Torsdag kan det rett nok bli noko meir skyer enn dei siste dagane.

– Det er ingen grunn til å pakke vekk grillen for hausten. Det var veldig, veldig varmt i går og vi kan kanskje vente oss ei grad varmare i dag, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Hentar inn etterslep

Dette er godt nytt for dei tilsette ved Nibio i Fjaler. Om dei ikkje får henta inn alt, så får dei i alle fall tatt att noko av etterslepet på forskingsarbeidet.

Ved Fureneset har det vore forska sidan 1938. Dei driv med utviklingsarbeid, forsking og rådgjeving innan grovfôrdyrking og kulturlandskap.

– Normalt sett ville vi gjort jordfysiske prøvar tidlegare, men jorda har hatt for mykje vatn og fukt i seg. Allereie ved andreslåtten konkluderte vi også med at det ikkje ville bli ein tredje slått på dei fleste forsøksfelta. No prøver vi å få slått feltet med fleirårig raigras ein tredje gang, seier Øpstad.

Bra med tørke

Det er ikkje berre folk og fe som nyt godt av godvêrsdagane. Etter ein heller fuktig sommar er tørka i september bra for jordsmonnet på Vestlandet.

– Plantane får mindre lufttilgang når vassinnhaldet over tid har vore så høgt som denne vekstsesongen og seinsommaren. All køyring på engarealet har pakka jorda meir enn det som er godt. Med tørke no, så får ein meir luft og luftveksling i øvste jordlaget, seier han.

– Det er gunstig med tanke på kommande vekstsesong, avsluttar han.

Baksida av medaljen

Hos Meteorologisk institutt seier Valved at ulempa med vêrbiletet no er vind.

Aust for oss ligg eit høgtrykk. Vest for oss ligg eit lågtrykk.

– Lågtrykket flyttar seg gradvis austover mot oss og det gir vindfelt frå austleg retning. Det er typisk vind som tek godt i fjordstrøk og utsette dalstrøk, seier Valvik og legg til at det kan gi noko vind dei neste dagane.