Hopp til innhold

Her valde tyskarane å setja bubilen sin

Våtedalen er kanskje mest kjend for geiter og særeigen natur. Det var ikkje det einaste desse tyskarane fekk oppleva på ferie.

Bubil i Våtedalen

BOM FAST: Firehjulstrekk var ikkje nok for å koma seg bort frå sandøya.

Foto: Solveig Aske

– Eg håpar dei får hjelp. Dei kjem seg ikkje opp der frå sjølve, seier Solveig Aske.

Måndag kveld var ho og mannen ute på biltur. Då dei køyrde over den einaste brua i Våtedalen, like ved kommunegrensa mellom Sunnfjord og Gloppen kommune, såg dei to tyske bubilar. Ute på ei sandøy, midt i elva.

Sjølv om bubilane har firehjulstrekk, kom dei seg ikkje av staden.

Aske og mannen valde å køyra ned til bubilturistane.

– Me er bubilfolk sjølve. Eg tenkte "huff nei, me får høyra om me ikkje skal hjelpa dei» då eg såg dei, seier Aske.

Dei prøvde å få ein kjenning på Byrkjelo med stor traktor til å hjelpa tyskarane. Dei var diverre ikkje heime, og Aske råda dei difor til å ringja Naf.

VÅTEDALEN: Grensa mellom Sunnfjord og Gloppen kommune ligg i Våtedalen.

Ikkje fyrste gong

Ein av dei lokale bøndene som stundom reddar turistar frå sandøya, er geitebonde Vidar Sandal. Han anslår at han åtte-ni gongar har redda opp turistar.

– Det mest fascinerande var då eg redda opp ein tysk bubil for åtte år sidan. Det var ikkje måte på kor takknemlege dei var, seier Sandal.

Tyskarane kom nemleg tilbake året etter.

– Dei kom personleg inn til meg i geitefjøsen, og ville på ny prisgje kor behjelpelege me var.

Sjølv om Sandal ikkje drikk alkohol sjølv, har han fleire gonger fått ei flaske med alkohol etter å ha redda turistar opp frå elva.

Mykje turistar i Våtedalen i sommar

Dei siste åra har det vore mange som har overnatta langs elva i det særeigne landskapet i Våtedalen. Sandal meiner det går an å skriva eit kompendium om alt som har skjedd turistar langs elvebredda i dalen.

I fjor opplevde ein uheldig campar at nokre av kyrne i dalen ville forsyna seg av frukostbordet deira.

– Det var gull. Då var det ein som sprang rundt i underbuksa og skulle prøva å redda bordet sitt, seier geitebonden.

Volvo med combicamp. Og nokre kyr då sjølvsagt.

GOD MORGON?: Å vakna i ein combicamp med 15 kyr rundt seg er kanskje ein draum for enkelte?

Foto: Vidar Sandal

Ifølgje Sandal er det langt frå uvanleg at folk vel å campa på sandøya.

– Det pleier å vera ein tre-fire stykke nedpå.

Han åtvarar likevel om at elva fort kan stiga når det regnar.

– Eg har vore med på å redda turistar som har vakna med vatn over halve hjulet, seier Sandal.

Fekk hjelp til slutt

Då den lokale bilbergaren kom til staden, hadde tyskarane kome seg vekk frå sandøya.

– Når me kom, var det berre spor i sanden igjen etter dei. Mest sannsynleg har dei fått hjelp frå ein privatperson med ein firehjulstrekk, seier dagleg leiar i Viking Byrkjelo, Oddvar Nyland.

Han ber folk tenka seg om før dei parkerer bilane sine slike stader.

– Det er skummelt når det er meldt regn og store nedbørsmengder, elva kan veksa raskt.