Hopp til innhold

Her tek han snarvegen ned Europas høgaste sjøklippe

Tre, to, ein, ropar dei frå kanten. Alex Mukhin tek eit djupt andedrag og er klar for 860 meter i fritt fall.

LUFTIG SVEV: Her kastar rogalendingen Alex Mukhin seg utfor Hornelen (860 moh.). Foto: Eivind Senneset/Alex Mukhin

Ein sundag i oktober kunne ein skimte gløtt av sol bak skydekket på himmelen over bygdene Leirgulen, Rugsund og Skatestraumen, men det var langt frå det einaste. For den dagen fekk bygdene sjå noko på himmelen som ikkje er kvardagskost.

Det heile starta med at Eivind Senneset, frå Bremanger, introduserte ein arbeidskollega for Europas høgaste sjøklippe, Hornelen.

– Alex Mukhin fortalde meg at han dreiv med basehopping, så då spurde eg om han ikkje hadde høyrt om Hornelen. Det hadde han ikkje, men då eg viste han ein videosnutt var han sikker i si sak, seier Senneset.

Det sentrale landemerket i Nordfjord får spreke turgåarar til å strøyme til for å nå toppen, men langt frå alle tar snarvegen ned frå sjøklippa.

Ei helg i oktober gjorde arbeidskollegane seg klare. Mukhin reiste frå Sandnes og overnatta i kassebilen sin. På sundagen tok gjengen den fleire timar lange turen opp.

Hornelen

HAUSTDAG PÅ HORNELEN: Helge Grøneng (t.v.) og Alex Mukhin (t.h.) brukte ein dag i oktober på å komme seg opp Hornelen. Berre Mukhin tok snarvegen ned.

Foto: EIVIND SENNESET / NRK

Tre, to, ein, hopp

Kvart år tek kring 2000 personar turen til Hornelen. Gjerne for å sette seg heilt yst på kanten for å dingle med beina, men få har gjort det same som Mukhin gjorde den sundagen.

Han går ut på kanten, lyftar armane og hoppar ut i fritt fall. 860 meter rett ned i havet, så majestetisk at sjølv kongen er misunneleg.

– I det eg går over kanten er det heilt stille i fleire sekund. Eg blir i eitt med det som er rundt meg.

Før turen hadde han laga ein plan a og ein plan b. På sundagen var han skeptisk til om han kunne hoppe i det heile teke. Det er mykje vêr og vind på desse kantane.

Etter eit langt stup med salt sjøluft midt i ansiktet landar han mjukt på ei myr.

– Eg har aldri hoppa frå noko sånt før. Hornelen var spesielt. Både fjellet, haustfargane og havet. Vakkert, avsluttar Mukhin.

Hornelen med hurtigruta

860 METER: Hornelen ligg i Bremanger kommune og er 860 meter.

Foto: Rolf M. Sørensen