Hopp til innhold

Her støvsugar dei hengebrua – kan spare naturen for 400 tomflasker kvar dag

BØMLO (NRK): Vedlikehald av store, norske bruer fører til store utslepp av mikroplast. For første gong blir ny teknologi testa i Noreg.

Sandblåsing av Bømlabrua. Ny teknologi brukes for første gang i Norge.

LUFTIG ARBEID: Kjetil Småbakk i KTV Group har luftige dagar i spennet på Bømlabrua i Sunnhordland. Om metoden fungerer som den skal, kan det bli fleire slike.

Foto: Eli Bjelland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Hundre meter over Spissøysundet i Sunnhordland heng ein gulkledd arbeidar godt festa i ein vaier.

Eldre måling skal fjernast frå den éin kilometer lange Bømlabrua. Den skal klargjerast for nye strøk. Eit slikt omfattande vedlikehald ville i utgangspunktet vera dårleg nytt for fjorden rett under.

Over tid blir nemleg måling på slike bruer herda, og blir til plast. Når dette blir fjerna med sandblåsing, hamnar både mikroplast og blåsesand i havet.

Men det kan det bli slutt på no.

Støvsugar brua

For første gong blir ein heilt ny metode for vedlikehald testa på ei bru i Noreg.

Metoden fungerer enkelt og greitt slik:

  • Arbeidarane festar utstyret rundt kablane som binder brudekket fast med berekablane.
  • Sand blir blåst mot kablane, for å få målinga på dei til å losna.
  • Same utstyr syg inn sanden og målingsrestane som losnar.

– Vi set på ein støvsugar samtidig som vi blåser med sand. Den syg opp alt saman, seier dagleg leiar Tore Angelskår i firmaet Pinovo.

Restane blir deretter delt, slik at sanden kan brukast på nytt.

Dronefoto av sandblåsing av Bømlabrua i Sunnhordland.

NORSKE BRUER: Fleire norske bruer kan få nytte av den nye vedlikehaldsmetoden. På Bømlabrua i Sunnhordland har det komne omtrent halvvegs.

Foto: KTV Group AS

Hindre utslepp av 400 tomflasker

Det blir sleppt ut 10.000 tonn mikroplast frå norske kjelder på land kvart år. Nesten halvparten av dette endar opp i havet.

Restar frå måling er ei av dei største kjeldene til mikroplast i naturen.

Ved å jobbe på denne måten på norske bruer kan ein arbeidar åleine hindre eit plastutslepp på opptil 400 tomflasker på éin dag.

Metoden er allereie prøvd ut på fleire bruer i Sverige. Det bergensbaserte selskapet håpar at han kan nå ut til land over heile verda.

– Vi påfører tusenvis av tonn måling på skip, industri og bruer kvart einaste år. Målet er at vi skal samle opp igjen all målinga som vi påfører, seier Angelskår i Pinovo.

Jorunn

LETTVINT: Leiar Jorunn Sekse for vedlikehald nord i Vestland fylkeskommune trur dei vil bruke metoden på fleire bruer framover.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kan bli aktuelt på fleire bruer

Bømlabrua ligg på ein fylkesveg og det er difor Vestland fylkeskommune som har bestilt vedlikehaldsarbeidet.

No skal dei vurdere vidare om dette er teknologi som kan satsast vidare på i andre vedlikehaldsprosjekt.

– Vi trur at det er ganske sannsynleg. Det er lettvint, har ingen utslepp og det kostar mindre i tid og pengar, seier vedlikehaldsleiar Jorunn Sekse i fylkeskommunen.

Sandblåsing

PLASTUTSLEPP: Ved å jobbe på denne måten kan ein arbeidar åleine hindre eit plastutslepp på opptil 400 tomflasker på éin dag.

Foto: Eli Bjelland / NRK