Hopp til innhold

Her og andre stadar innskrenkar dei allemannsretten i sommar

Fleire stadar i Noreg skjerpar kommunane inn på allemannsretten denne sommaren også. Blant anna på dei populære surfestrendene på Stadlandet.

Hoddevik

FORBOD: I dramatisk vakre Hoddevika blir det forbod mot villcamping også denne sommarsesongen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Norgesferie for dei fleste førte i fjor til eit stort press på fleire populære reisemål, særleg på Vestlandet og i Nord-Noreg.

Blant anna blei det lagt ned forbod mot overnatting i surfebygdene Ervik og Hoddevik i Stad kommune.

– Erfaringane var gode med gode tilbakemeldingar frå bebuarar i dei utsette bygdene og frå dei besøkande, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

No vil han vidareføre innskrenkingane i allemannsretten. Før måtte kommunane gå til Statsforvaltaren for å få godkjenning på dette, no kan dei bestemme sjølve.

– Vi må avgrense

Men Bjørlo meiner at deira reglar ikkje rokkar ved det særnorske prinsippet om at alle kan ferdast i utmark og overnatte kvar dei vil i naturen inntil tre døgn.

– Alle er velkomne til å bruke desse områda, men av omsyn til naturen og kulturmiljøet, så må vi legge avgrensingar på det å kunne campe.

Han peikar på at dei også har trappa kraftig opp satsinga på renovasjon, sanitærforhold, god skilting og merking av turstiar i områda.

Fleire andre norske kommunar gjorde det same i fjor. Blant anna Nome i Telemark, Hasvik i Finnmark og Dønna på Helgeland i Nordland.

De var en oppvisning i luftakrobatikk, sier fotografen.

FORBOD: Breivika på Helgeland ligg vakkert til under fjellet Dønnamannen. No får du ikkje lenger campe kvar du vil her.

Foto: Andreas Gutvik Larsen

Sperrar av med steingjerde

Dønna-ordførar Nils Jenssen (Sp) er tydeleg på at dei også vil vidareføre camping-innskrenkingane i det naturfagre området Breivika.

– Vi har forsøkt å legge til rette for at folk kan utøve sine friluftsaktivitetar, anten du kjem med bubil eller telt. På den måten prøve å unngå at vi får feil belastning av området, seier Jenssen.

Dei har også sett opp nye steingjerde for å hindre bilar å køyre heilt inn og sett av eigne område til telting utanfor Breivika.

I Hasvik i Finnmark stadfestar rådmann Erik Arnesen at dei stenger området Sandvika for villcamping i år også.

Også i Jotunheimen blir det vurdert campingfrie soner.

Villcamparar har sett opp telt langs vegen i Lodalen i Stryn. Mange bilar står parkert langs vegen.

VILLCAMPING: Lodalen er eitt av områda i Noreg der det blei veldig mykje folk i fjor. No vurderer kommunen å avgrense allemannsretten også her.

Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust / Fjordingen

– Allemannsretten er viktig

Anne-Mari Planke i Den Norske Turistforening (DNT) meiner at det å innføre innskrenkinga i allemannsretten bør vere eitt av dei siste tiltaka som kommunane innfører.

– Allemannsretten er viktig for oss alle, og ligg sterkt nedfelt i kulturen vår, påpeikar ho.

Ho meiner det er forståeleg at kommunar som slit med stort besøk av tilreisande, må gjere tiltak for å få bukt med dei utfordringane som mykje besøk og bruk fører til.

– Men det er viktig med langsiktig og heilskapleg planlegging i område med mykje trafikk, ikkje berre hoppe på enkle forbod for å løyse eit akutt problem, seier Planke.

Ho meiner at tilrettelegging, informasjon, styring av ferdsel og opplæring kan gje minst like gode resultat.

– Arbeidet med å utvikle lokale besøksstrategiar som er i gang mange plassar er eit svært godt tiltak, som vi samla sett byrjar å få mange gode resultat frå.

Samuel Sandnes Nyhus (10) på stranda i Hoddevika.

HEILT FULLT: Samuel Sandnes Nyhus frå Førde på campingen i Hoddevika i fjor sommar. Det blir fort fullt i år også.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

– Nærmar seg øvre grensene

På Stadlandet har det alt byrja å kome mange surfeturistar.

Både grunneigarar og reiselivsverksemder i området ventar fulle parkeringsplassar og campingar i sommar.

Men i utmarka blir det ikkje lov til å campe i år heller. Det meiner Jan Ove Hoddevik er bra. Han er leiar i grunneigarlaget i Hoddevik.

– Eg ønskjer turistane velkomen, men eg trur vi byrjar å nærme oss ei øvre grense, seier han.