Førde vann - klare for 2. divisjon

Jubel på Førde stadion då Førde vann 2-1. - Det nest største eg har vore med på, seier kaptein Steinar Tenden.

Video nsps_upload_2009_10_24_18_48_44_4641.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

FEIRA: Spretta champagneflaskene i garderoben etter sigeren.

Førde vann også den andre kvalifiseringskampen mot Birkebeineren. Ved full tid stod det 2-1 på Førde stadion.

Dermed er Førde-laget klare for 2. divisjon etter 5-3 samanlagt. For ei veke sidan vann Førde 3-2 då Steinar Tenden skåra to mål og Thor-Erik Nygård skåra eitt på bortebane i Drammen.

Skriv dine gratulasjonar nedst i saka

Sjå bileta frå kampen

Skåra etter 48 sekund

Allereie etter 48 sekund tok Førde leiinga ved Thor Jørgen Spurkeland. I det 25. minutt heada Steinar Tenden inn 2-0 til Førde og det var også stillinga ved pause.

Førde var det beste laget i første omgang. Dei var mest effektive og hadde fleire farlege målsjansar.

Gjestane skåra

Steinar Tenden skadd

SKADA: Steinar Tenden trakka over i 2. omgang.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

I andre omgang tok gjestane frå Drammen kommandoen og var frampå med fleire halvsjansar som lett kunne gitt uttelling.

I det 53. minutt skåra David Sagedal for Birkebeineren frå Drammen, dermed var stillinga 2-1 på Førde stadion.

Kapteinen trakka over

Etter skåringa heldt Birkebeinaren oppe trykket mot førdeforsvaret men etterkvart jamna kampen seg meir ut. Heimelaget miste mykje av stinget i angrepsspelet då Steinar Tenden måtte forlate banen med skade i det 54. minutt.

Han fekk eit stygt overtrakk, men gleda over sigeren døyver smertene.

- Når vi vinn kampen og greier opprykk, så kjenner eg ikkje smerter i det heile teke. Når vi set tonen allereie frå start, så får vi trua og køyrer over dei. Det var vi som var best.

- Kva betyr dette for Førde?

- Det betyr mykje, for du ser folka og engasjementet, og alle føler at dette er deilig.

1530 tilskodarar

Også trenar Knut Erik Folland er glad for sigeren.

- Det hjalp mykje å skåre så kjapt. Vi fekk skuldrane ned og turde å spele meir fotball enn eg frykta. Eg var redd for å få eit tidleg mål imot oss og bli stressa av det.

-Kva betyr det at laget er klar for 2. divisjon?

- Det betyr mykje, for spelaren får ein utviklingsarena på eit høgare nivå enn dei har spelt dei siste åra. Vi har mange spelarar som er gode nok for den divisjonen, seier trenaren som no er klar for å markere sigeren.

1530 tilskodarar såg at Førde tok steget opp i 2. divisjon. Dette fortel Folland at interessa for laget er stor.

- Det virka som om alle skulle på kamp i dag, til og med mor mi.

Glede også i Vik

Sidan Førde no rykkjer opp, beheld Vik plassen i 3. divisjon. Vik-trenar Stig Roar Hoveland såg kampen og han er glad for sigeren.

- Dette er stor for fotballen i Førde. Og for Vik betyr det at vi overlever i 3. divisjon for første gong sidan 1991, så vi er stolte og glade.

Førde - Birkebeineren

FØRDE ER BEST: 1530 tilskodarar hadde teke turen til Førde stadion.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK