Hopp til innhold

Her skal Noregs fyrste regnbogeplass liggja: – Det varmar hjartet mitt

Då Kim Friele vaks opp, var det ulovleg for ho å vera seg sjølv. No har heimbyen hennar vedteke å laga den første regnbogeplassen i Noreg.

Den nye Regnbueplassen i Bergen

REGNBOGEPLASSEN: Bystyret i Bergen landa på torget mellom Vaskerelven og Neumannsgate.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Dette er heilt overveldande. Det varmar hjartet mitt, seier Kim Friele (85) frå Bergen, truleg den mest kjende aktivisten for dei homofile sine rettigheiter i Noreg.

Den nye «Regnbueplassen» skal liggja omtrent midt mellom Den Blå Steinen og Johanneskirken i Bergen.

Den skal vera eit minnesmerke for mangfald og frisinn, inkludering og respekt.

Treng aktivitet

Også Morten Hegseth Riiber er positiv til plassen. VGTV-programleiaren vart i fjor kåra til «Årets LHBT-person» av nettstaden Gaysir.no.

– Det høyrest deilig ut å kunne boltra seg på ein plass som heiar på likestilling og skeiv kultur, seier Hegseth Riiber.

Han meiner det er viktig at namnevedtaket ikkje er det einaste som skjer på plassen.

– Utan aktivitet kan det bli tomt på ein slik plass. Eg håpar dette også blir ein stad der ein kan utøva skeiv kultur og markera skeiv historie, seier Hegseth Riiber.

Pride-mottakelse ved statsministerboligen

TRENG AKTIVITET: Morten Hegseth håpar plassen blir fylt med aktivitet. Her er han utanfor statsministerbustaden under Pride i 2019.

Foto: Ola Vatn / NTB

– Verda har gått vidare

For Friele er avgjerda både historisk og kjensleladd. Då Friele vaks opp i Bergen på 30-, 40- og 50-talet, var homofili ulovleg. Fyrst i 1972 blei homofili helt avkriminalisert her i landet.

– Det er eit teikn på at verda er gått vidare. Det er varmt og godt å bli omfamna av sine eigne, som seier at tida er inne for å slå ring om homofile, lesbiske og alle desse gruppene. Det er ein storarta måte å signalisera det på, seier ho.

Kim Friele.

FRONTKVINNA: Kim Friele meiner det er på tide at det kjem ein regnbogeplass i Noreg også.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Ikkje for seint

I København har «Regnbuepladsen» lege ved rådhuset i byen sidan 2014. Friele meiner likevel ikkje Bergen er for seint ute.

– Det som tel, er at det skjer. Det er eit teikn på at Bergen er ein varm, god og omsluttande by, seier Friele.

– Men Bergen har no alltid vore noko for seg sjølv, seier ho.

Også i Oslo har bystyret vedteke at det skal arbeidast for å finna ein slik plass, men førebels er det ikkje bestemt kvar han skal liggja.

KrF delt i to

Av dei 67 bystyrerepresentantane i Bergen, var det berre Joel Ystebø frå KrF som stemte i mot.

Bystyregruppa til KrF i Bergen består av Ystebø og gruppeleiar Håkon Pettersen.

– Joel støtta ikkje forslaget til vedtak med bakgrunn i KrF si stemmegiving då bystyret behandla det private forslaget som tok initiativ til oppretting av plassen i desember 2018, skriv Pettersen i ein SMS til NRK.

Sjølv stemte Pettersen for forslaget.

– Eg meiner byrådet her har løyst bestillinga til bystyret på ein grei måte og støtta difor forslaget til vedtak. Mi vurdering er at saka er ein effektuering av eit tidlegare bystyrevedtak som byrådet er nøydd til å følgja opp.

Joel Ystebø (Bergen KrF)

STEMTE IMOT: Joel Ystebø i KrF var den einaste bystyrerepresentanten som stemte imot forslaget.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Symbolsk viktig for mange

Charlotte Spurkeland i Høgre meiner saka har teke altfor lang tid. No er ho likevel glad for at det blir ein eigen stad i byen for å markera mangfald og frisinn.

– Det er viktig at me får eit symbol på at dette er ein by der alle skal få vera seg sjølve, og kunna elska kven ein vil.

Over heile verda blir menneske som ikkje er heterofile, diskriminerte.

Ei undersøking gjort av Amnesty i fjor sommar, viste blant anna at kvar femte nordmann synest det er ubehageleg å sjå homofile og lesbiske kyssa eller klemma.

I ein rapport frå Sintef i oktober i fjor, kom det fram at mange unge er redde for å vera skeive.