Hopp til innhold

Bergen får «regnbogeplass»

BERGEN SENTRUM (NRK): Midt i Johanneskirke-trappa ligg den opne plassen. Sentralt, med utsikt over byen, og med den mektige, raude steinkyrkja i ryggen. Plassen skal vera eit minnesmerke for mangfald og frisinn, inkludering og respekt.

Regnbueplassen i Bergen

REGNBOGENS FARGAR: Regnbogeflagget vert rekna som eit symbol på kampen seksuelle minoritetar kjempar for like rettar, mangfald og frisinn. Og framleggsstillarane vil gje plassen namn etter dette symbolet.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Eg vart kjempeglad. Dette er stor stas, seier han.

Birger Berge i organisasjonen Fri Bergen og Hordaland smiler breitt etter at politikarane i Bergen onsdag vedtok at det skal lagast ein regnbogeplass i byen. Berre Kristeleg folkeparti røysta mot.

– Dette er ei symbolsk og fin plassering, seier Njaal Neckelmann frå Venstre.

Eit tverrpolitisk ynske

I sommar leverte ein tverrpolitisk trio framlegget om at Bergen skulle få ein slik plass, etter modell frå København. Trioen var sett saman av Anine Frølich (H), Line Berggreen Jacobsen (Ap) og Njaal Neckelmann (V).

Og like før jul, vedtok bystyret framlegget (ekstern lenkje).

Njaal Neckelmann i Bergen Venstre gler seg over vedtaket om ein regnbogeplass i byen.

SYMBOLSK: Plasseringa av regnbogeplassen i Bergen, midt i Johanneskirke-trappa er symbolsk og fin, meiner Njaal Neckelmann i Bergen Venstre.

Foto: Venstre

– Me treng ein slik plass for å heidra og minnast alle dei som har kjempa mot kriminalisering, mot diagnostisering og mot diskriminering opp igjennom historia, seier Njaal Neckelmann.

Regnbogeflagget vert rekna som eit symbol på kampen seksuelle minoritetar kjempar for like rettar, mangfald og frisinn. Og framleggsstillarane vil gje plassen namn etter dette symbolet.

– Bergen er vorten ein veldig bra by for LHBT-personar (ekstern lenkje) dei siste åra. At ein by som Bergen for ein slik plass til refleksjon og ettertanke, skulle berre mangla. Eg trur det vil prega byen på ein god måte, seier Tobias Strandskog frå Høgre.

Tobias Strandskog byline

TIL ETTERTANKE: Tobias Strandskog trur bergensarane vil setja pris på regnbogeplassen midt i byen.

Lettare i Noreg, vanskelegare andre stader

Fram til 1972 var homofili rekna som kriminelt i Noreg. Men samstundes som at Noreg er vorte eit opnar og meir tolerant samfunn, aukar talet på folk som vert forfylgde på grunn av den seksuelle legninga si.

Eit døme er Russland. I 2013 vart det innført ei ny lov Russland, som har gjort det kriminelt å omtala LHBT i positive vendingar til mindreårige. Amnesty International (ekstern lenkje) meiner den nye lova legitimerer «heksejakt» på LHBT-personar, og at folk snikmelder kvarandre til styremaktene.

Benk på regnbueplassen i Bergen

PLASSEN I JULEGÅVE: Vedtaket om ein eigen, bergensk regnbogeplass vert teke imot som ei førjulsgåve i det skrive miljøet i byen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Eit signal om at alle skal ha det godt i Bergen

Vedtaket om ein eigen, bergensk regnbogeplass vert teke imot som ei førjulsgåve i det skrive miljøet i byen.

– No viser politikarane at dei er interesserte i inkludering, i å visa fram mangfaldet og i at alle skal ha det godt i Bergen, seier Birger Berge.

Leiar i FRI Bergen og Hordaland, Birger Berge.

VIKTIG AVGJERD: Birger Berge i Fri Bergen og Hordaland meiner vedtaket i bystyret er med på å synleggjera mangfaldet i byen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Bergen har lenge hatt eit synleg, skeivt miljø, og sentrale folk i kampen for rettane til lesbiske og homofile kjem frå byen.

– Kim Friele er ei av dei verkeleg store, og mellom dei fyrste kjende andleta i den skeive kampen i Noreg. Så bystyrevedtaket er stort og viktig, legg han til.