Hopp til innhold

Her sit syriske Mahmoud (7) – i dag heiter han Magnus

Magnus bar namnet Mahmoud Zaza i meir enn tjue år. Fleire syrarar i Noreg vel å byte namn, til blanda respons.

Magnus vaks opp som Mahmoud i byen Douma. Ein by som har langt færre innbyggjarne i dag enn dei 150.000 som budde der då det var trygt å gå på tivoli.

Mahmoud Zaza (t.v.) som ung i heimbyen Douma i Syria.

Foto: Magnus Zaza/privat

– Det var enkelte eldre som reagerte på det, medan dei unge tenker annleis, seier Magnus Zaza.

Seks år har gått sidan 29-åringen tok steget frå Mahmoud til Magnus.

Sjølv har han to-tre andre vener som har bytt namn etter dei kom til Noreg.

NRK fortalde nyleg om vanskane som jobbsøkarar med utanlandske namn møter. Søknader med utanlandsklingane namn får ofte ikkje same respons som søknadar med «typisk norske namn».

Magnus presiserer at det ikkje var taktiske grunnar til at han bytte namn, men at han at han hadde eit håp om at det ville lette integreringa.

– Eg hadde eit namn som for mange var vanskeleg å uttale, forklarer han.

Zaza flykta frå krigen i heimlandet og kom til Noreg i 2015. I dag er han busett i Florø, og er fast tilsett ingeniør hos elbåtprodusenten Evoy.

Bilde av Magnus Zaza i Florø

Med ei stor interesse for sjakk, og Magnus Carlsen som førebilete gav det norske namnet seg sjølv. Namnet Magnus.

Foto: Nikolai Akse Helgås/NRK

Les også Rydland fikk flere tilbud enn Marianayagam – selv om CV-en var helt lik

Studenten Kevin Rydland Marianayagam

Jobbsøkarar med utanlandske namn blir diskriminert

I Noreg finst det ikkje tal på kor mange som byter namn til noko meir norskklingande.

– Men det er relativt utbreidd, seier førsteamanuensis Arnfinn Midtbøen ved institutt for sosiologi og samfunnsgeografi på Universitetet i Oslo.

Han har gjort to undersøkingar – med ti års mellomrom – som viser at utanlandsk namn reduserer sannsynet for å bli kalla inn til jobbintervju med om lag 25 prosent.

NRK har fleire gonger omtalt at jobbsøkarar med utanlandske namn blir diskriminert, slik Fafo dokumenterte i 2012.

Dåverande Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland lanserte i 2019 eit prøveprosjekt med anonyme jobbsøknader i fleire statlege etatar.

Staten tilset omtrent 20.000 nye medarbeidarar kvart år i ulike etatar.

Midtbøen har ikkje haldepunkt for at syrarar har ein større tendens enn andre innvandrargrupper til å skifte namn til noko meir norskklingande.

NRK har i arbeidet med denne saka vore i kontakt med fleire syriske familiar der heile eller deler av familien har bytt namn.

– Namnebytet kom fordi vi meinte det ville gjere det lettare for barna våre å komme inn på arbeidsmarknaden, seier mora i ein av familiane.

Reaksjonar frå det syriske miljøet, og frå nordmenn, gjer at ho ikkje ønsker å stå fram.

Hjelper deg berre med førsteinntrykket

For Magnus Zaza var det ikkje aktuelt å byte etternamn fordi «Zaza» er noko som kling bra på fleire språk.

– Men å forandre namnet ditt hjelper deg berre med førsteinntrykket, seier han.

Sjølv om grunnen til namneendringa var å lettare bli integrert i samfunnet, peiker Zaza på at det er «deg folk ser, ikkje namnet ditt».

– Resten er opp til deg sjølv, om du heiter Magnus eller noko anna.

I ein tildegare versjon stod det at Magnus Zaza var ingeniørtrainee hos Evoy. Han er i dag fast tilsett ingeniør. Artikkelen vart retta søndag 14.08.22 kl 21:58.