Hopp til innhold

Her skyt Sjøforsvaret sitt eige skip i senk

Under øving med fregatten KNM Otto Sverdrup fekk Sjøforsvaret testa missilsystemet sitt. I mottakande ende stod ein gamal korvett frå 1967.

Forsvaret har dokumentert øvinga.

Natt til onsdag 7. juni gjennomførte Sjøforsvaret det dei omtalar som «ei vellukka skarp skyting med Naval Skrike Missile (NSM)» i Norskehavet, nordvest for Andenes.

Denne typen missil er eit norsk våpen, utvikla av Kongsberg Gruppen. Det er fire meter langt, 400 kilo tungt og har ei rekkevidd på 185 kilometer.

Det er også Sjøforsvaret sitt hovudvåpen innan maritim overflatekrigføring. Sist gong ei slik øving blei gjennomført var i 2019.

– Det er nokre år sidan sist krigsskot. Vi har no testa det for å stadfeste at det verkar som det skal.

Det seier Lars Ole Høknes. Han er kommandørkaptein og skipssjef på KNM Otto Sverdrup. Han legg til at øvinga ikkje berre var ein suksess, men også viktig:

– Det var ein reint nasjonal aktivitet, men skyteresultata vil vere verdifulle både for oss og for andre allierte som er utrusta med same missil, forklarar han.

Lars Ole Høknes, kommandørkaptein Sjøforsvaret

Kommandørkaptein og skipssjef Lars Ole Høknes fekk æra av å trykke på knappen som fyrte av missilet.

Foto: Sjøforsvaret

Miljøsertifisert

Det er fleire steg som må vere på plass for at slike øvingar skal kunne skje. Forsvaret måtte først søke til statsforvaltaren i Nordland om løyve til å senke ein gamal korvett.

Korvetten KNM Æger var ein del av det norske Sjøforsvaret frå 1967 til 1992, då den vart teken ut av teneste. For at det tidlegare fartøyet skulle kunne senkast, måtte det takast nøye miljøomsyn.

– Då må vi til dømes tømme tankar for olje, smuss og skit. I tillegg blir alt av lause gjenstandar fjerna, forklarar Høknes om korvetten som no ligg på havets botn.

Øving med Naval Strike Missile (NSM)

Øvinga med Naval Strike Missile (NSM) blei gjennomført i samarbeid med Andøya Space Defence.

Foto: Sjøforsvaret

Glede om bord

Som skipssjef var det også Høknes som skulle trykke på knappen som skaut ut missilet – ein jobb han omtalar som spennande.

– For oss er det jo ein del av jobben å handtere våpen som dette. Det er veldig tryggande å sjå at våpenet verkar etter hensikta, legg han til.

Han fortel at det blei god stemning blant mannskapet etterpå:

– Om bord var det ein stor dag. Dette er ikkje noko vi gjer så ofte.

Men akkurat kor ofte slike ting skjer, ønsker ikkje kommandørkapteinen å uttale seg om. Enkelte ting i forsvaret skal haldast hemmeleg.

– Me gjer det ein gong i blant. Dette er jo eit fartøy – X-KNM Æger – som blei tatt ut av teneste i 1993. Så det er godt og gamalt og har ikkje hatt noko operativ drift på 30 år, seier Høknes.

Han vil heller ikkje vere veldig konkret om kor langt unna dei fyrte av missilet.

– Vi opererer ikkje med slike tal til offentlegheita, men eg kan seie at det var ein veldig stor avstand til korvetten.

KNM Æger

KNM Æger er no å finne på Norskehavets botn.

Foto: Sjøforsvaret