På laurdag vart over 100 personar isolerte på grunn av raset på fylkesveg 5724. Onsdag morgon er vegen stengd på nytt. Det har ikkje blitt meldt om personskade.
– Ein køyrande som har meldt frå på staden fortel at det var mørkt og uoversiktleg, men han antydar at raset var halvparten så stort som på laurdag, seier trafikkoperatør Idar Sangholt ved trafikksentralen på Vestlandet.
Køyrande på staden antydar at raset er om lag ein meter høgt, men at det var vanskeleg å sjå kor breitt det er.
Ryddemannskap er på veg og ein geolog skal kome til staden.
JORDSKRED: Leiar for Oldedalen Bygdeutvikling Jon Olav Kvamme ved jordskredet som gjekk førre laurdag i Oldedalen.
Foto: Harald Kolseth / NRKLeiar for Oldedalen Bygdeutvikling Jon Olav Kvamme fortel at innbyggjarane i området er avhengige av vegen og tenkjer mykje på sikkerheita.
– Vi tenkjer på liv og helse når dette kan skje igjen. Det er sagt at raset kanskje er ti meter breitt, og det er forferdeleg å tenkje på at bilar kunne ha køyrd forbi.
Ifølgje Stryn kommune vil det kome ei vurdering om når vegen skal bli opna klokka 15 i dag. Olden Røde kors køyrer båttransport for å frakte folk forbi raset.
OLDEDALEN: Jordskredet gjekk ved Strand i Oldedalen.