Hopp til innhold

Her opnar kronprinsen Måløyraid-senteret

MÅLØY (NRK): Til stormande jubel frå dei frammøtte klipte kronprins Haakon snora som offisielt opna Måløyraid-senteret.

Kronprins Haakon åpner Måløyraid Senteret

OPNING: Her opnar kronprinsen Måløyraid-senteret.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er utruleg hyggeleg å vere her i Måløy og veldig kjekt at så mange er med på opninga. Gratulerer med dagen. Det ligg mange år med frivillig innsats bak dette senteret. Kronprinsessa og eg er glade for å vere her og dele dagen med dykk, innleia kronprinsen tala si med.

Kronprinsen gjekk tilbake i historia om Måløyraidet, og snakka om kor viktig den dramatiske hendinga var i frigjeringskampen under krigen.

Måløyraidet var ein alliert militæroperasjon under den andre verdskrigen, der målet var tyskokkuperte fabrikkar og lager i kystbyen Måløy. Fleire titals menneske mista livet på begge sider, og 8 tyske skip vart senka.

I 2013 gav dei opp å få bygd senteret, men i dag opna det offisielt. Både Forsvarsdepartementet og Kulturdepartementet hadde lova at dei skulle bidra med pengar i fleire år, men lenge var problemet at fylkestinget i Sogn og Fjordane ikkje ville løyve dei naudsynte midla.

– Eit senter som minner oss på det vi aldri må gløyme, at fred og fridom er hardt tilkjempa og at vi aldri må ta det for gitt, avslutta kronprinsen før han klipte snora som markerte opninga av senteret.