NRK Meny
Normal

Gjekk på nytt tap om Måløyraidsenter

HERMANSVERK (NRK): Fleirtalet i fylkestinget vil framleis ikkje gå inn med støtte til eit senter i Måløy til minne om det dramatiske Måløyraidet under 2. verdskrigen.

Røysta for måløyraidsenteret

FEKK IKKJE FLEIRTAL: Røystene frå Høgre, Frp, V, MDG og Gunn Sande frå Sp var ikkje nok til å sikre midlar til Måløyraidsenteret.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Mot røystene frå Høgre, KrF, Framstegspartiet, Venstre, MDG og ei utbrytarrøyst frå Sp, sa fylkestinget nok ein gong nei til å yte ein eingongssum til Måløyraidsenteret.

– Eg er enormt skuffa. Denne gongen trudde eg verkeleg at vi skulle få full tilslutning til det. Her er det massiv støtte frå staten til investeringar og det er lagt inn driftsmidlar. Dette er rein ansvarsfråskriving frå fleirtalet si side. Det som er realiteten er at dei er imot senteret, og det er sanneleg meg på tide at dei seier det offentleg slik at folk får vite kva dei står for, seier ein tydeleg oppbragt Noralv Distad (H) til NRK.

Musea har millionkutt

Karen Marie Hjelmeseter i Senterpartiet meiner derimot at mindretalet tek heilt feil når dei meiner at fleirtalet er imot senteret i seg sjølv.

– Det er heilt feil det Distad seier om at vi er imot Måløyraidsenteret. No veit vi at musea i Sogn og Fjordane har kutta i driftsmidlar på 1,1 millionar på grunn av den situasjonen fylkeskommunen er i. Eg meiner at vi ikkje kan påleggje dei ei ny eining før musea sjølve meiner at dei har nok driftsmidlar framover, slår Hjelmeseter fast.

– Heilt uforståeleg

Det planlagde minnesenteret i Måløy har fått lovnader på støtte både til investering og drift frå statlege midlar, og Høgre i fylkestinget meiner at då bør fylkeskommunen stille opp så snart som råd er.

– Det som ligg i vårt forslag er at det skal driftast innanfor den løyvinga som er gjeve frå staten. Vi har fått stadfesting på stadfesting frå staten står for det dei har sagt at dei skal stille med. At då fylkestinget ikkje kan løyve 800.000 til naudsynte investeringar for å få dette på plass, er heilt uforståeleg, meiner Distad.

– Rett rekkefølgje

Hjelmeseter i Senterpartiet seier vidare at ho ikkje trur at nokon i fylkestinget meiner at Måløyraidsenteret ikkje er eit viktig prosjekt.

– Men vi må ta det i rett rekkefølgje, seier ho.

Hjelmeseter sin partifelle, Gunn Sande frå Selje, valde å bryte med Senterparti-gruppa og røysta for Høgre sitt forslag om å gje midlar til senteret. Ho trur ikkje det får følgjer at ho ikkje følgde partipisken i denne saka.

– Eg trur ikkje det får konsekvensar. Senterpartiet er i stor grad ei samla gruppe, men vi er jo også enkeltindivid. Vi må jo få lov å stemme for vår eiga overtyding, seier Sande til NRK.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i dag budsjettet for 2015 med små endringar ut frå det arbeidet som politikarane har gjort gjennom det siste året.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå