Hopp til innhold

Her må du ut med skyhøge summar for heimekontor-utsikta etter pandemien

I Sogndal, mange timar unna storbyane, må du ut med 70.000 kroner kvadratmeteren. Friluftsliv og moglegheit for heimekontor er årsaka, trur meklar.

Lerum brygge i Sogndal.

DYRT OG NYTT: Lerum Brygge har vore omdiskutert fordi det er veldig annleis enn den eksisterande bygningsmassen i Sogndalsfjøra.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Etter pandemien kom har det opna seg for at folk kan ha heimekontor og treng ikkje sitje i dei store byane. Det har også gjort det lettare å flytte ut og det er jo trenden. Sogn og Fjordane er framleis trivselsfylket, det merkar vi.

Det seier dagleg leiar for Meklarhuset Sogn i Sogndal, Jan Rune Årøy.

Den tidlegare fotballspelaren meiner at distrikta no står i spiss for utviklinga som kjem i bustadmarknaden – og det er dei store byane som må leggje seg i forsvar.

Dei har ansvaret for salet av leilegheitene i det store prosjektet Lerum Brygge ved Sognefjorden, og der ligg prisane no på 70.000 kroner kvadratmeteren.

Like mykje som austlege bydelar i Oslo og meir enn Vestre Aker på vestkanten.

– Interessa har vore heilt framifrå. Vi la først ut byggesteg ein med ei blokk som er utseld. Så har vi seld 50 prosent i byggesteg to, det har vore veldig bra, seier meklaren.

Høgare prisvekst i vest

Gjennom dei siste 12 månadane har prisveksten på bustad i Noreg vore på 10,2 prosent, medan prisane i grisgrendte Sogn og Fjordane har vore på 10,6 prosent.

Dermed aukar prisane i bygdebyar som Sogndal og Førde meir enn til dømes i Bergen sentrum.

– Det eg har sett på har gått til langt over takst, seier Siri Berg Grimelid, som nyleg endeleg fekk kjøpt seg leilighet i Førde.

Siri Berg Grimelid

OVER TAKST: Alle bustadane Siri Berg Grimelid har sett på har gått til over takst. Nyleg fekk ho kjøpt seg leiligheit i Førde.

Foto: NRK Vestland

Teorien om at pandemien kan ha vore medverkande til veksten i bustadprisar utanom storbyane, er noko også Henning Lauridsen trur på.

Han er administrerande direktør i Eiendom Noreg.

– Det er ikkje usannsynleg at folk no reknar med at dei kan jobbe meir heimanfrå også etter korona. Det gjer at fleire får moglegheita til å busetje seg litt meir spreidd enn det som var mogleg før korona, seier Lauridsen.

Henning Lauridsen, avdelingsdirektør, NBBL

MODERAT: Henning Lauridsen i Eiendom Noreg trur at den venta rentehevinga i september vil føre til ei moderat prisutvikling på bustad i heile Noreg i haust.

Foto: Birgitte Wold Ingebretsen / NRK

Dyrare å bu i distrikta

Han trur også at ein no ser at fleire har oppdaga at det er trongt når fleire skal dele same bustad og samstundes ha heimekontor.

– For mange sitt vedkomande så kan det vere slik at korona har vore ein vekkar når det gjeld kvaliteten på bustad. Så ønskjer du å kjøpe noko anna, og det gjer du der du får meir for pengane. Og det er jo ofte utanfor byane.

På tomta til den gamle syltetøyfabrikken til Lerum reiser no blokkene seg mot den høge augusthimmelen.

Den same utviklinga ser du i andre regionsenter rundt om i Noreg, ikkje minst i dei største byane i Nord-Noreg.

Over ein femårsperiode har Bodø-regionen hatt ein vekst på over 26 prosent, medan Tromsø også blir stadig dyrare.

Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at innbyggjartalet i Sogndal kan gå opp frå om lag 11.900 i dag til over 15.000 i 2050.

Jan Rune Årøy, Meklarhuset Sogn. Han er også styreleiar i Sogndal fotball.

BALLBYGDA: Jan Rune Årøy er dagleg leiar for Meklarhuset Sogn, men han er også styreleiar for Sogndal Fotball. Her utanfor stadion på Fosshaugane Campus.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Trur det blir auka press

Førsteamanuensis Are Oust ved NTNU er ekspert på bustadøkonomi. Han peikar på at Noreg ikkje har ein bustadmarknad, men mange delmarknadar særleg knytt til geografi.

Han meiner at det er klare likskapstrekk i utviklinga i Sogndal og andre distriktssenter rundt om i landet.

– Eit viktig fellestrekk for distriktssentera er aldrande befolkning og behov for å ha fleire bustadar som er tilpassa funksjonsnedsettingar og det å ta imot helsehjelp i heimen, seier Oust.

I Sogndal sette dei rekord med over 1100 nye studentar på Høgskulen på Vestlandet no i august. Behovet for utleigebustadar er også med på prisveksten, meiner forskaren.

– Høg befolkningsvekst kombinert med at det er dyrt å bygge, pressar bustad- og leigeprisane oppover. Høgare rente vil verke noko prisdempande, men i veldig avgrensa grad om vi ser fram mot 2050, meiner han.

Ti mill. på toppen

På Dampskipskaien i Sogndal har turistane i sommar hatt utsikt til dei høge byggekranene på Lerum Brygge.

Det går fort framover med dei i alt 110 leilegheitene som skal byggast. Dei dyraste blir seld for om lag 10 millionar kroner.

Jan Rune Årøy i Meklarhuset Sogn trur at utviklinga vil halde fram i regionsenteret.

– Her kan du kombinere det urbane livet med å bu i sentrum med friluftsliv like ved. Dette er veldig i vinden.

– Korleis blir det etter pandemien då?

– Pandemien har gjort at nokon bransjar har innsett at det ikkje lenger er viktig å sitje midt i gryta, seier Årøy.