Hopp til innhold

Draumebåten til Chris Martin gjekk ned med flagget til topps

Berre mastene stikk opp gjennom overflata. Etter mange års arbeid og store investeringar sank Chris Martin Erstads store lidenskap, skøyta «Aladdin». No ber han om hjelp til å få han heva.

Skøyten Aladdin

IKKJE NOKO KJEKT SYN: Skøyten «Aladdin» på havets botn.

Foto: Privat

– Då båten dukka opp på nettet, visste eg at det var den eg ville ha, fortel Chris Martin Erstad frå Radøy i Hordaland om den 96 år gamle skøyta.

Han reiste til Kvinesdal i Vest-Agder for å kjøpe den i 2016. Båten var i dårleg stand, og kom berre 200 meter frå land før dei fekk problem med giret. Tre helger tok det å reparere skøyta.

Utanfor Jæren blei det alt for mykje vatn i båten. Dei måtte ha hjelp frå Redningsselskapet. Til slutt fekk dei likevel båten heim til Radøy.

– Sidan har eg stått på alle ledige dagar og helger for å få den i stand, fortel Erstad til NRK.

Skøyten Alladin

MEIR GLEDELEGE DAGAR; «Aladdin» på tur.

Foto: Privat

Fekk sjokkbeskjed

Måndag denne veka fekk han ei telefonsamtale på veg heim frå Haugesund. «Aladdin» hadde sokke til botn i Indre Taulsvågen på Radøy.

Han måtte ringe opp att å spørje om det var sant at båten ikkje flaut, og det var det.

Truleg er det eit kjølerøyr, som har sprunge lekk.

Bygd i 1920

«Alladin» er ein 46 fot stor kutter, bygd på Svanøy i 1920. Då Erstad kom heim sette han i gong med å prøve å få båten opp frå sjøbotnen.

– Eg begynte å mobilisere folk og utstyr for å få den opp. Det viste seg at berre masta stakk opp av vatnet.

– Flagget hadde eg gløymt å ta ned, så det vaia over havoverflata.

Han og fleire kameratar har prøvd å heve båten i tre dagar, utan å klare det.

– Vi er jo berre ein venegjeng så det skal litt til.

Erstad hadde mange planar for båten. Nye materialar var bestilt. Mellom anna drøymde han om ein tur til Shetland, ei reise båten også tidlegare har vore på.

Skøyten Alladin

VED KAI: «Aladdin er blitt pusset opp og fornya de siste to årene.

Foto: PRIVAT

Ventar på kranbåt

Etter at Chris Martin Erdal delte biletet av båten på Facebook, har mange tilbode seg å hjelpe. Nokon har og starta å vippse pengar til redningsarbeidet.

I dag, laurdag, har han håp om å få heva båten. Då kjem ein kranbåt til staden. Han skal hjelpe med det siste løftet. Måler er få båten tømt for vatn.

Erstad er ikkje sikker på at redningsforsøket vil lykkast, men lovar å stå på til båten flyt igjen.

– Det vil jo koste ein del pengar, men eg gjer meg ikkje. Eg skal stå på til alt er i orden igjen, seier Chris Martin Erstad.

Skøyten Alladin

PÅ TUR I SOLNEDGANGEN: Chris Martin Erstad håper at «Aladdin» snart kan legge ut på nye eventyr.

Foto: Privat