Hopp til innhold

Køyrde truleg 170 km/t i 40-sone

Då den unge sunnfjordingen stakk av, gjekk det så fort at politiet måtte avbryte biljakta. No må han klare seg utan førarkort for alltid.

Havrenesvegen, Florø

ULOVLEG FORT: I denne 40-sona køyrde politiet i 120 km/t etter mannen, likevel klarte dei ikkje å ta han igjen.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Ein mann er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til 75 dagar i fengsel, og må klare seg utan førarkort for alltid..

– Heilt bortanom all fornuft, seier etterforskningsleiar Kåre Toreid ved Flora politistasjon.

I fjor sommar fekk politiet i Florø det travelt då ein kjenning av politiet vart observert køyrande i sentrum. Mannen hadde tidlegare vorte frådømt førarretten for to år.

Biljakt gjennom sentrum

– Som regel er det ein god idé å stoppe når ein har blålys bak seg, seier Toreid.

I staden sette mannen opp farta og auka avstanden til politiet, som var oppe i 90 kilometer i timen. Midt i Florø sentrum.

Bilen køyrde så vidare inn i eit tettbygd strøk med 40-sone. Der målte politiet at bilen brukte omtrent 6 sekund på 285 meter.

Det svarar til 171 kilometer i timen.

Med ein ekstramargin på to sekund, vil farten ha vore 128 km/t.

Til slutt gjekk det så fort at det ikkje lenger var forsvarleg for politipatruljen å halde fram jakta.

I retten fortalde politiet at dei køyrde i 120 kilometer i timen, men likevel auka avstanden fram til bilen dei jakta.

Då hadde føraren køyrt forbi fleire bilar, og langs vegen sto det folk.

– Høg hastigheit i tettbygde strøk med låg fartsgrense er noko me ser på som svært alvorleg. I slike område manglar beskyttelse for mjuke trafikantar, seier Toreid.

Markegata, Florø

HOVUDGATA: I ei av dei mest trafikkerte gatene i Florø køyrde sunnfjordingen frå politiet.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Må i fengsel

Onsdag denne veka kom dommen, og den var samrøystes. Mannen vart dømd til 75 dagar i fengsel, og må klare seg utan førarkort resten av livet.

Dommen slår fast at bilisten køyrde i «over 105 km/t» i 40-sona.

Forsvarar Eirik Hauge fortel at klienten, som erkjente delvis straffskyld, var ueinig i farten som vart lagt til grunn. Han godtok likevel dommen.

– Han ønskjer å leggje dette bak seg og gå vidare, seier Hauge.

Retten meinte det var særleg skjerpande at føraren var dømd fleire gonger for brot på vegtrafikklova. Det meiner dei viser at tiltalte over tid har vist ei manglande evne og vilje til å overhalde vegtrafikklova, og meiner av preventive omsyn at straffa må vere streng.