– Våren har kome så smått til Vestlandet, men no kjem han til Aust- og Sørlandet også, seier statsmeteorolog, Unni Nilssen.
Med sol, ingen nedbør og temperaturar stort sett over null er det Austlandet og Sørlandet som er vêrvinnarar denne veka.
– Det blir ikkje veldig varmt, men det blir klart og fint med sol og lettskya, fortel Nilssen.
Nedbør til helga
Det betyr ikkje at det er slutt på frosten. Nettene kan framleis vera prega av temperaturar på den blå sida av gradestokken.
Vestlandet får også oppleve finvêr, spesielt tysdag og torsdag, men til helga blir det større nedbørsmengde.
– Her i Bergen har me hatt vårkjensle ei stund, med snøklokker og plusstemperaturar, fortel statsmeteorologen.
UTSIKT MOT VÅREN: I Vågsvåg i Nordfjord er vårstemninga i ferd med å feste grepet.
Foto: Seline Larsen / NRKNord-Norge må vente
Men sjølv om det blir vårstemning i sør, vil vêret lenger nord vere prega av vinter framleis.
Men til helga kjem det mildare luft frå havet i vest, som gjer at det kan bli plussgrader i den nordlegaste delen av landet.
– Då kan det bli trøblete på vegen, med store nedbørsmengder som sludd og kanskje regn ytst på kysten, åtvarar statsmeteorologen.
I Trøndelag vert det mest truleg plussgrader, men mykje nedbør. I Tromsø vert det kaldare, sjølv om gradestokken også der kan krype over null.
I fjellområda, særleg i Sør-Noreg, skal ein vere merksam på at snøskredfaren vil auke utover i veka.