Investorar og politikarar var i dag i Skipavika for å presentere planane for ein ny, grøn ammoniakkfabrikk.
I alt vil den første grøne ammoniakkfabrikken i Europa koste 4 milliardar kroner.
Skipavika Næringspark ligg tvers over fjorden for Mongstad-raffineriet.
Målet er å produsere 100.000 tonn utsleppsfri ammoniakk, som i sin tur skal brukast som drivstoff for å avkarbonisere den norske skipsfarten. Fabrikken skal stå ferdig i 2026.
Prosjektet er utvikla i samarbeid mellom Skipavika Næringspark og selskapet Fuella. Klimaeffekten frå anlegget vil tilsvare om lag 30 prosent av CO2-utsleppa frå heile Bergen.
Eigarane varsla samtidig planar for ein endå større fabrikk i Korgen i Nordland. Den vil bli dobbelt så stor og vil koste 7 milliardar kroner. Planen er at den skal stå ferdig i 2027.
I dag blir ammoniakk stort sett brukt til gjødselproduksjon, i tillegg til mindre industrielle formål.
– Dette er eit banebrytande grønt industriprosjekt, uttalte dagleg leiar Lars Hellandsjø i Skipavika Næringspark AS ved opninga.
Han la til:
– Eg trur prosjektet vil få store ringverknader lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
– Dette er veldig bra for skipsfarten
Snora vart klipt av fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland fylke.
– Dette er svært spennande planar som gir nye arbeidsplassar og lokal verdiskaping, uttalte han.
BKK varsla på same tid at dei vil byggje ut nettet i området for å sikre nok kraft til anlegget.
På Sørvestlandet har det vore spørsmål om ein ammoniakkfabrikk i Sauda vil sluke kraftoverskotet i Rogaland og resten av prisområdet som blir kalla NO2.
Nyheita om ammoniakkfabrikken blir godt motteken i «fornybar-bransjen».
– Dette er veldig bra for skipsfarten, Vestlandet og for Noreg! Vi treng fleire teknologiar for å kutte utslepp i skipsfart, og ammoniakk er ein av dei, seier Sigrun Aasland i Zero.
Planen er at grøn ammoniakk skal vere eit supplement til grøn og blå hydrogen.
– Ammoniakk er eit lovande alternativ
– Dette er eit spennande prosjekt, seier Kirsten Øystese, som er prosjektleiar i Norsk klimastifting.
Ho seier at den internasjonale skipsfarten er ein av dei mest utfordrande sektorane å fjerne utsleppa frå.
Forklaringa er at fossilt drivstoff har fleire fordeler:
relativt rimeleg
sikkert i bruk
tilgjengeleg over heile verda
høg energitettleik (slik at fartøya kjem langt utan å måtte bunkre undervegs)
– Ammoniakk er eit lovande alternativ, og eitt av få alternativ til dagens fossile drivstoff som ikkje inneheld karbon, seier Øystese.
Ulempa med ammoniakk er at ingen har erfaring med å bruke det som drivstoff i skip.
Ammoniakk er dessutan giftig, og det er derfor nødvendig med tilstrekkeleg tryggingsbarriere ved ein eventuell lekkasje.
NRK har tidlegare fortald om korleis industrien jobbar med å teste ammoniakk som drivstoff i forbrenningsmotorar og i brenselceller.
– Tek hol på høna og egget-problematikken
– Gjennom dette prosjektet tek vi hol på den evinnelege høna og egget-problematikken, seier Liv Kari Eskeland (H).
Ho viser til at tilbod og etterspurnad heng saman, og at utan det eine, heller ikkje det andre.
– Ved denne etableringa tek vi eit stepp opp, ved å kunne tilby lokalt produsert ammoniakk. Dette vil likevel berre utgjere ein liten del av den energien som trengst på sikt. Men det er ein viktig start!
Yara International skilde i fjor ut ammoniakkverksemda i eit eige selskap, Yara Clean Ammonia. Ifylgje DN er planen å investere mellom 15 og 18 milliardar kroner i produksjonen av blå og grøn ammoniakk innan 2030.
Då Erna Solberg (H), den gong statsminister, besøkte pilotprosjektet på Herøya i Porsgrunn i 2021, karakteriserte ho det som eit industrieventyr.
Anders Valland i SINTEF Ocean minner om ammoniakk er «eit karbonfritt drivstoff, ikkje eit miljøvennleg drivstoff».
– Det er to ulike ting, og det er viktig å hugse. Ammoniakk er giftig og etsande for levande organismar.
Han viser til at den nye fabrikken også vil produsere ammoniakk for gjødselmarknaden, «så det står att å sjå kor mykje dei faktisk avset for drivstoff».