Hopp til innhold

Her har skipet vore under boikott i snart ei veke – reiarlaget får 18000 dollar i bøter kvar dag

Sjømennene om bord jobbar for luseløn og har dårlege arbeidsvilkår.

Bulkskipet Zeynep i Lærdalsfjorden

BOIKOTT: Sjømennene om bord på «Zeynep» manglar ei rekkje sentrale arbeidsvilkår i tariffavtalen. No boikottar norske kollegaer på land det tyrkiske reiarlaget.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Det vi snakkar om her er sosial dumping, så vi står sjølvsagt bak denne boikotten. Vi støttar opp om kollegaene våre om bord på skipet, seier Rune Guttormsen.

Han er leiar i Årdalstangen kjemiske arbeidarlag, og skulle for fleire dagar sidan ha teke imot skipet som er lasta med oksid til Hydro i Årdal. Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

Jobbar for langt mindre enn minstekravet

Det tyrkiskeigde skipet «Zeynep» kom til Høyanger fredag for ei veke sidan. Der fekk dei lossa av nokre få tonn oksid, før dei fekk varsel om boikott dersom dei ikkje hadde ordna opp i papira sine innan laurdag. Det skjedde ikkje. No ligg skipet for anker i Lærdalsfjorden. Det får ikkje sigle vidare før reiarlaget har fått ting på stell.

– Reiarlaget vil ikkje gi oss informasjon om forholda om bord. Men vi har fått tilgang på ein kontrakt frå ein sjømann, som viser at ein matros om bord får 1100 dollar brutto i månaden, seier inspektør Angelica Gjestrum i International Transport Worker's Federation (ITF).

Ho viser til at minstevilkåret frå ITF er på 1900 dollar i månaden. Sjømennene manglar dessutan ei rekkje sentrale arbeidsvilkår i tariffavtalen. Det gjeld til dømes forhold rundt tryggleik og utstyr på arbeidsplassen, ordningar ved sjukdom og dødsfall og ulike forsikringar.

– Skipet er ikkje dekt av ein gyldig tariffavtale, understrekar Gjestrum.

Zeynep for anker i Lærdalsfjorden

FOR ANKER: «Zeynep» ligg no her i Lærdalsfjorden. Skipet får ikkje reise vidare får reiarlaget har papira i orden.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Trur ikkje reiarlaget forstår alvoret

Skipet må bli liggjande i Lærdalsfjorden til alle papir er i orden. Laurdag klokka 16.00 er det ei veke sidan «Zeynep» vart boikotta. Då stoppa alt arbeid opp. Grunna plassmangel måtte skipet reise frå Høyanger. Sidan har det vore uråd å komme i kontakt med reiarlaget.

– Vi høyrer frå aktørar rundt skipet, men vi høyrer ingenting frå sjølve reiarlaget. Dei vel å ikkje kommunisere med oss. Eg trur ikkje dei forstår alvoret i denne situasjonen, seier Gjestrum.

Også NRK har prøvd å komme i kontakt med det tyrkiske reiarlaget. Det har ikkje lukkast.

Etter det NRK forstår, vankar det dagbøter på 18000 dollar så lenge reiarlaget ikkje får orden på papira og kjem seg til kai og lossa resten av oksidet. Men det er inga krise for Hydro.

– Vi får levert 15000 tonn oksid i kveld. Det går om lag 1100 tonn om dagen, så no har vi 14 dagar å gå på, seier Guttormsen.