Vått, grått og rått. På fleire av målestasjonane i vest har det ikkje regna så mykje sidan 80-talet, blant anna i Bergen sentrum.
Dette står i sterk kontrast til fjorårets november. Då fekk Oslo fekk dobbelt så mykje regn som Bergen.
Då kom det berre 56 millimeter regn i «ørkenbyen Bergen». I år er alt tilbake til det vanlege med 450 millimeter regn hittil i månaden.
Altså over 700 prosent meir regn.
Ifølgje statsmeteorologane på Twitter har det regna såpass mykje i Bergen i det siste, at årets november kjem på topp fem sidan starten av 1980-talet.
Men om ein føler at det er vått i Bergen, så kan områda både sør og nord for byen syne til enda meir tvilsame tal.
I Etnefjella i Sunnhordland nærmar det seg 700 millimeter nedbør hittil i november, målt på målestasjonen Basura.
– Når vi ser på årsnedbør på mange stasjonar i Vestland fylke ligg året heilt i blant toppåra. Dette året kan fort bli det våtaste året på mange stasjonar i Vestland fylke, fortel statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.
Han legg til at 2005 framleis er det våtaste året sidan målingane starta.
Samanlikna med resten av landet er det tydeleg at vestlandet skil seg ut i november, sjå tabellen under.
– Ingen tvil om at det hittil har vore eit veldig vått år, seier Fagerlid.
PS! Torsdag var det 80 år sidan den høgste døgnnedbøren målt i Noreg. 26. november 1940 blei det målt 229,6 millimeter nedbør på eit døgn i Indre Matre i Nordhordland.
Yr.no hadde denne artikkelen om dette på 70-årsdagen i 2010.
VÅTE FJELL: Simlbu i Etnefjella. Ein av dei våtaste stadane i Noreg ligg i dette området.
Foto: Christian Reutter