Hopp til innhold

Her har Arbeidarpartiet gjort det lov å ta narkotika – no vil Ap-toppar i storbyane ha rusreform

Regjeringa er avhengige av Arbeidarpartiet for å få igjennom rusreforma i Stortinget, men det er heilt ope kor dei landar. No kjempar Ap-toppane i Bergen og Oslo for å få partiet med på avkriminalisering.

Hugo Torjussen på sprøyterommet i Bergen, mottaks- og oppfølgingssenteret.

HAR FUNGERT: Hugo Torjussen ved Mo-senteret i Bergen meiner at ordninga med sprøyterom har fungert i Bergen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Sprøyterom har gjort livet tryggare for dei narkomane her i byen, seier dagleg leiar ved mottak- og oppfølgingssenteret i Bergen Hugo Torjussen.

I Bergen har Arbeidarpartiet og Venstre samarbeida tett om rusreform og ein liberal narkotikapolitikk i fleire år, som mellom anna har resultert i opprettinga av sprøyterom.

No kjempar ordførar i Bergen og førstekandidat til Stortinget for Ap frå Hordaland valdistrikt, Marte Mjøs Persen, for at partiet hennar skal støtte regjeringa sitt forslag om å avkriminalisere brukardosar med narkotika.

–Det er rett å slutte å straffefølge rusavhengige, og det er rett å gå inn for ein avkriminalisering, seier Persen.

Persen er blant dei som heilhjarta støttar regjeringa sitt forslag til rusreform, og som meiner at dagens forbodsregime må ta skulda for at så mange i Noreg dør av overdose.

Også i Oslo Arbeidarparti er det brei støtte til rusreforma.

Varaordførar og stortingskandidat Kamzy Gunaratnam er klar for å kjempe for å få partiet til å gå inn for avkriminalisering av narkotika.

– Som sosialdemokrat er eg oppteken av politikk må fungere, og dagens ruspolitikk fungerer ikkje, seier ho.

kamzy gunaratnam på APs valgvake

KLAR TIL KAMP: Varaordførar og stortingskandidat Kamzy Gunaratnam er klar til å kjempe for at Ap skal gå inn for rusreform.

Foto: Truls Antonsen

Regjeringa treng Arbeidarpartiet

Regjeringa ved Venstre, Høgre og KrF vil no at bruk og oppbevaring av mindre mengder narkotika ikkje lenger skal føre til straff. I staden skal det føre til ein obligatorisk samtale med kommunen.

MDG, SV og Raudt kjem til å støtte det.

Men for å få fleirtal i Stortinget er regjeringa avhengige av Arbeidarpartiet. Frp og Senterpartiet seier nemleg nei.

Og det er slettes ikkje gitt at Ap kjem til å røyste for reforma.

– Rusreforma er diktert av Venstre

Men mange andre stader i landet er Arbeidarpartifolk skeptiske.

– Rusreforma til regjeringa er diktert av Venstre, og er Venstre sin store siger. Det er fleire grunnar til at Venstre vaker under sperregrensa, og dei bør ikkje få diktere ruspolitikken i landet, seier fylkesordførar i Trøndelag Tore O. Sandvik (Ap).

Den innflytelsesrike Ap-politikaren er klar for å kjempe mot at partiet skal gå inn for ein avkriminalisering av narkotika.

Ordførar i Ap-bastionen Årdal er på same linje.

– Eg er i utgangspunktet uhyre skeptisk til avkriminalisering av narkotika, og redd for at det vil føre til ei auke i bruken blant unge, seier Hilmar Høl.

Tore O. Sandvik (Ap), fylkesordfører i Trøndelag. Bildet er tatt i forbindelse med årsmøte i Trøndelag Ap 29.08.20

KRITISK: Fylkesordførar Tore O. Sandvik er sterkt kritisk til regjeringa si rusreform.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Kan bli avgjort på landsmøtet

Også AUF er varme tilhengarar av rusreform og avkriminalisering.

– Noreg er i europatoppen i overdosedødsfall, og AUF er klare på at vi må hjelpe rusavhengige med hjelp, og ikkje med straff, seier leiar Endre Toft i Vestland AUF.

Han meiner det er på tide at Ap sentralt blir tydeleg offentleg på kva dei meiner om saka.

Det er endå ikkje avgjort kor tid rusreforma skal opp til votering i Stortinget, men det kan ende med at Arbeidarpartiet sitt landsmøte i april først må ta stilling til det omstridde forslaget. I så fall kan det må mot ei handsaming i Stortinget i juni.