Turistsesongen godt i gang i Flåm. Ti gonger for dagen fraktar Flåmsbana turistar gjennom den bratte og ville dalen.
I fjor reiste over 900 000 folk med bana, og den tidlegare rekorden vart knust.
Høgdeforskjellen frå fjorden opp til Myrdal på 866 meter over havet gjer turen spektakulær, men det gir også nokre spesielle utfordringar for dei som passar på at jernbana er trygg.
– På 18 meter er det fall på ein meter. Det gir ein veldig slitasje på grunn av bremsinga nedover, og akselerasjonen oppover, fortel Erling Nesbø som er byggeleiar i Bane Nor.
Medan toga står om natta, jobbar mannskapet på for å slipe togskjenene i desse dagar.
Det skal betre tryggleiken for dei mange reisande. Og kanskje gjere turen meir behageleg for øyra, håpar byggesjefen.
23 000 liter vatn til brannsløkking
Vanlegvis er det stille på Berekvam stasjon klokka 23.30 om natta. I kveld står lysa på, og arbeidsfolk går i mellom vognene og lokomotiva på arbeidstoget.
Når arbeidet startar vil gneistane stå. Det kan vera farleg om våren hadde vore tørr.
– Vi brukar 7500–8000 liter vatn berre før slipinga startar, fortel Pål Sveen som har ansvar for beredskapsvogna under slipinga.
Berekvam er så langt du kjem med bil. Når dei skal slipe lengre oppe i dalen er gjengen i beredskapsvogna aleine dersom det skulle begynne å brenne.
– Det går greitt å ha det ansvaret. Det er kjekt også, då er alt avhengig av oss, fortel Sveen.
År for år
Dei oransje gneistane lyser opp skjenene ved stasjonen. Det luktar nyttårsaftan når toget passerer. Også lydnivået ligg på det same.
– Dei køyrer 10–15 gonger på kvar strekke, så på ei natt rekk dei over om lag 1000 meter, fortel Erling Nesbø.
Skjenene skal slipast og kuttast tilbake til riktig fasong, slik at bremsinga skal gå lettare og lage mindre støy.
– Då blir det meir behageleg for dei som reiser. Og for dei som er utanfor toget, ikkje minst, fortel Nesbø.