Hopp til innhold

Her får helga ein utriveleg slutt for kompisane

– Dette vart ein kjedeleg slutt på ei utruleg triveleg helg med gode kompisar og biltreff på Våler, seier Øyvind Rong frå Øygarden.

Bilbrann Aurland

FULL FYR: Bilen var overtent etter ti minuttar.

Foto: Privat

Søndag kveld gjekk bilen hans, ein Audi S2 1991-modell, opp i flammar på E16 ved Otternes i Aurland.

Bilbrann i Aurland

BERGA SEG: For to år sidan selde Odd-Erik Hostad (t.v.) ein Audi S2 til Øyvind Rong. Begge var i bilen, og kom frå det utan skade, då bilen byrja å brenne i Aurland.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen

Til alt hell kom både Øyvind Rong (38) og kompisen Odd-Erik Hostad frå Fjell (43) frå det utan skader.

– Det vart litt å tenkje på då vi stod der og bilen brann. Det var ein fin bil, som eg i løpet av to år har lagt ned litt ekstra pengar på. Men bilen kan erstattast, så den tenkjer eg ikkje på, seier 38-åringen.

Flammane slo opp

Kompisane var på veg sørover mot Bergen etter ei bilhelg på Våler då bilen stogga og byrja å brenne utanfor Onstadtunnelen. Det var først inne i tunnelen at dei kjende det dei skildrar som plast/gummilukt.

Bilbrann i Aurland

STOGGA: Bilen stogga av seg sjølv før Øyvind Rong og Odd-Erik Hostad rakk å stogge.

Foto: Privat

Først trudde kameratane at lukta kunne komme frå køyretøy framføre seg. Men der var det ingen. Så såg dei røyk sive opp ved girspaken og baksetet.

– Vi var i ferd med å stoppe då bilen stoppa av seg sjølv og røyken kvelva ut. Då eg opna døra stod flammane opp etter dørkarmen, fortel Rong.

Overtent på ti minuttar

Både Hostad og Rong jobbar i oljeindustrien og er godt trente på å handtere dramatiske situasjonar. Kameratane opplevde ikkje bilbrannen som særskilt dramatisk.

Bilbrann i Aurland

UTBREND: Det var lite brannvesenet i Aurland kunne gjere med brannen. E16 var ein periode stengd på grunn av brannen.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen

Det var andre bilistar som melde frå om brannen like før klokka 20.

– Dei første to-tre minutta brann roleg under bilen, så vi byrja å berge ut litt ting vi hadde i bilen. Etter fire-fem minuttar brann det så pass at vi måtte fjerne oss. Bilen var overtent i løpet av ti minuttar, seier Rong.

– Vi var aldri redde, legg han til.

Måtte haike heim

Brannvesenet i Aurland kunne lite gjere for å hindre at bilen brann heilt opp. Ifølgje politiet er brannårsaka ukjend, men dei meiner brannen har starta i motorrommet.

– Det er ein kostbar, fin og vel ettertrakta modell. I tillegg har eg lagt ned ein del ekstra pengar, mellom anna på fine dekk. Men det gjekk trass alt bra med oss, seier han.

– Korleis skal de komme dykk heim no?

– Vi er så heldige at vi har gode kameratar litt lenger bak i køen. Eg håpar dei har ledige sete til oss. Om ikkje blir det ein dyr drosjetur.