5G er neste generasjon mobilnett, og vil ifølgje Telenor vil opne for teknologiske moglegheiter vi framleis ikkje kan tenkje oss.
I dag har Telenor ein pressekonferanse i Flokeneset grendehus der konsernsjef Sigve Brekke fortel at den første 5G-piloten på Vestlandet skal byggast i Flokeneset i Askvoll.
Kommunikasjonssjef David Fidjeland seier dette er eit testprosjekt der dei skal prøve ut det nye mobilnettet.
– Vi har hatt 3G og 4G, og 5G er framtidas mobilnett. Det har mykje høgare hastigheit og kapasitet, og det vil gjere det lettare og betre når du skal bruke nettet, seier han.
Testar ut i område med fjell og fjordar
PILOTPROSJEKT: Vidar Vetland som er leiar for 5G-utbygginga i Telenor Noreg, presenterer pilotprosjektet for ordførarar og rådmenn.
Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRKFidjeland seier det blir mange spennande moglegheiter framover og at potensialet på sikt er 100 gonger høgare kapasitet enn dagens mobilnett. Flokeneset blei vald på grunn av landskapet.
– Staden han har ein unik posisjon. Den ligg midt i havgapet, og her er fjordar og fjell som gjer at vi har ein ny testarena for 5G. Vi har allereie pilotprosjekt i Kongsberg og byggjer no i Elverum og Trondheim. Dette blir første gong vi får prøvd ut 5G der vi kan skyte signal over fjell og fjord.
GLER SEG: Ingvar Osland på Flokenes fiskefarm ser fram til å få betre nettverk.
Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRKHan reknar med at dei er ferdig med utbygginga i området i august/september.
Ingvar Osland på Flokenes fiskefarm ser fram til å få betre nettverk.
– Det meste av arbeidet vårt går føre seg over nettet, som styring av fôring av fisken. I framtida vil bransjen vår drive meir med dronar og slikt. Så vi er positive til alle framsteg, seier han.
Er spent
Ivar Petter Grøtte i IT-forum Sogn og Fjordane er spent på korleis 5G-nettet vil virke i utkantstrok.
– Eg tykkjer det er interessant at dei prøver med ein slik pilot i Sogn og Fjordane. Der det kan bli dyrt med andre løysingar, kan dette vere eit godt alternativ.
– Dei planlegg å ta ned det gamle koparnettet og dette blir kanskje alternativet. Kva tenkjer du om det?
– Det er slik det blir lansert, og dette er ei viktig sak. IT-forum er oppteken av at koparnettet ikkje blir kopla ned før det finns alternativ. Det er svært viktig, og vi har mykje dialog for å bremse det, seier Grøtte.
Vil du vite meir om 5G? Les gjerne NRK Beta sin artikkel: Dette er dei fire viktigaste eigenskapane med 5G
FLOKENESET i ASKVOLL: Her får dei 5G-pilot i august/september.