Hopp til innhold

Her er påskequizen for 28. mars

Freistar det med nokre påskenøtter attåt kaffien i solveggen? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein ny quiz resten av påska.

Påskequiz NRK Sogn og Fjordane 2018
Foto: Francois-Xavier, AFP/Solborg Fure/Støylen, NRK/Helle, NRK/Graham Guttormsen/Åsnes, NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding, der dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vår.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar.

Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein heldig vinnar kvar dag. Vinnarane får eit NRK-krus med litt påskegodt i posten. Av alle som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Hyaren Jon Rolf Skamo Hope henta heim to gull og eit sølv under junior-VM på langrenn i vinter. I kva land gjekk meisterskapen?
  2. Proffspelar Elise Thorsnes frå Leikanger har bytta klubb og skal no spele fotball i USA. Kva heiter klubben ho skal spele for?
  3. Håpet om å byggje Harastølen i Luster om til hotell er større enn før etter at eit fond nyleg løyvde 3,8 millionar kroner til arbeidet. Kva heiter fondet?
  4. I kva departement har Atle Hamar frå Jølster blitt statssekretær?
  5. I 2018 budsjetterer norske kommunar med å hente inn til saman 7,5 milliardar kroner ved å bruke denne skatten. Kva type skatt snakkar vi om?
  6. Oppfølgjaren til den populære serien «Skam» skal spelast inn på Sandane med lokale ungdomar i rollene. Kva heiter produksjonsselskapet som saman med NRK skal produsere serien?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!