Hopp til innhold

Her er påskequizen for 20. april

Kanskje er du allereie byrja på påskeferien? Og kanskje det freistar med å teste dei små grå på nokre påskenøtter? Her er NRK Sogn og Fjordane sin påskequiz 2019.

Bilete til påskequizen 2019
Foto: Scanpix/NRK/Anre Walaker Mørkrid/Privat/Sogn Brann og Redning

For også i år vil NRK Sogn og Fjordane servere deg ein quiz, med lette og vanskelege spørsmål frå det som har skjedd i, og med folk frå, fylket vårt sidan nyttår.

Kvar dag i påska trekkjer vi ut ein heldig vinnar av eit NRK-krus med noko godt oppi. Alle som leverer rett svar i løpet av påska er med i trekninga om ein DAB-radio.

For kvart spørsmål samlar du deg opp bokstavar, som vi spør etter. Desse bokstavane blir til saman det daglege løysingsordet vi skal fram til. Ordet har, på ein eller annan måte, noko med påske å gjere. Løysingsordet du kjem fram til sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Det er verd å merke seg at fristen for å levere inn svar er klokka 23:59 den dagen quizen er lagt ut.

Så kvess blyanten, finn fram papir og viskelêr. Og løys gjerne oppgåvene saman med andre.

Spørsmål

  1. Ein lege som misforstod henne vart nøkkelen for å finne ut kva som eigentleg feila Maria Faye Saure frå Florø. I januar fortalde 27-åringen openlyst om den alvorlege, og sjeldne diagnosen, for nokon i hennar alder. Kva krefttype fekk Saure påvist? Vi skal fram til sjette bokstav.
  2. Etter studiane ved Falmouth University i England, flytta Pádhraic Mulholland til Sogndal for å kickstarte karrieren som illustratør. Kva land kjem 25-åringen frå? Vi skal fram til tredje bokstav.
  3. Ein samfunnsengasjert bergensar løyvde i februar ti sårt trengde millionar kroner til fotballhallen på Skei i Jølster. Vi skal fram til andre bokstav i etternamnet hans.
  4. Den blir kalla havets Formel-1 og kan gi godt med klingande mynt i kassen. Og i år får ikkje berre åtte båtar, men også sportsfiskarar lov til å delta i fisket. Kva gigantisk fisk skal vi fram til? Her skal vi fram til den åttande bokstaven.
  5. Skulane Brekke, Vågsøy og Eid var tre av fire skular som kom heilt til fylkesfinalen i Klassequizen i år. Kva skule var den fjerde, og som saman med Eid, tok steget vidare til landsfinalen? Vi skal ha tredje bokstav.
  6. Dekorlakk-kunstnaren Laila Garlid i Stryn har hatt ei hektisk tid etter at ho fekk besøk av Norge Rundt. Lakk-Laila, som ho også kallast, spraylakkerer hjelmar, motorsyklar, bilar og bensinkanner. Men det er ein ting ho veldig gjerne vil lakkere. Kva? Vi skal ha første bokstav.
  7. Kva er førenamnet på spellemannprisvinnaren som i januar fekk Luttprisen 2018? Vi skal ha tredje bokstav.
  8. Fylkessamanslåinga med Hordaland kan gjere at bokbåten igjen kan klappe til kai i Sogn og Fjordane att. Det er i alle fall vurderingar som rådmannen i Hordaland meiner politikarane bør gjere. Hugsar du namnet på båten, som for snart fire år sidan slutta å gå her i fylket? Då kan du ta med deg den fjerde bokstaven.
  9. Det skal godt gjerast, men Vegard Nes Olsen og Inger Helgestad klarte det. Ikkje berre har kjærasteparet bursdag på same februardag, men då dei først skulle få barn fann vesle Morten det best å bli fødd på bursdagen deira. Kva dag i månaden har dei bursdag? Vi skal ha talet med bokstavar, og vi skal ha den fjerde bokstaven.
  10. Overlege Torunn Christiansen vil finne ut om sex før ein reiser på fiske kan auke fiskelukka. Kva kallast dette fenomenet, som mellom andre storfiskaren May Liza Johansen i Stryn har trua på? Her skal vi ha tredje bokstav.
  11. NRK fortalde i mars om ekteparet Mariell Vilnes Førde og Rune Førde som valde særeigne namn på borna sine. Du tenkjer sikkert at vi skal fram til eit av namna dei valde, men det skal vi ikkje. For vi skal fram til jentenamnet som var mest brukt frå 1880 til 1917. Kva var namnet, og kva er andre bokstaven?
  12. I dag avsluttar vi med eit litt meir krevjande spørsmål: Dataangrepet mot Hydro kan ha kosta aluminiumsgiganten 350 millionar kroner. Hugsar du namnet på lausepenge-viruset som råka Hydro? Vi skal fram til sjuande bokstav.