Med den amerikanske TV-serien Mad Men fekk sjåarane boltre seg i skreddarsydde grå dressar, A-linjeforma skjørt og tettsitjande minikjolar frå 60-talet.
Om du er ein av dei som opplevde tiåret og lengtar etter skjørtet som for lengst har forsvunne, eller berre er fullstendig hekta på 60-tals moten, kan du jo sy ditt eige eksemplar av ein av dei klassiske kjolane?
Deltakarane i Symesterskapet gjer nettopp det denne veka, og lagar ein rett eller lett utsvinga 60-tals kjole. Kjolen har eit enkelt snitt, men deltakarane møter alle på ei utfordring undervegs, nemleg støttestikning.
Ein støttestikning får eit belegg til å ligge stødig. Den er ikkje synleg på framsida av plagget, men gjer den gode støttejobben i det skjulte på vranga.
Kan du det, blir kjolen fin og jamn i kantane. Me syner deg sjølvsagt trikset her:
Slik lager du støttestikning
1. Sy belegget ferdig, men ikkje damp det. Forklaring på korleis du lagar eit belegg finn du her.
2. Brett belegget vekk frå sjølve plagget, og legg saumrommet mot beleggsida. Sy med maskin tett inntil saumlinja (ca. 2mm avstand).
3. Stiklingen skal gå igjennom både beleggstoff og saumrommet for belegg og hovudstoff, det vil seie gjennom tre lag med stoff.
4. Brett belegget over til vranga av plagget. Damp belegget slik at saumlinja og støttestikningen ligg like innanfor halsutringinga. Den skal berre synast på innsida av plagget.
5. Og der har du fått til ein støttestikning som gjev ein fin og jamn halsutringing.