Hopp til innhold

DNT fryktar allemannsretten skal forsvinne på populære turistmål

Regjeringa gjer det no lettare for kommunar å avgrense allemannsretten på populære turiststader. Turistforeininga fryktar ein dominoeffekt der stadig meir ferdsel blir innskrenka.

hoddevik

SURFEPARADIS: Hoddevika på Stadlandet trekk til seg surfeturistar frå heile verda.

Foto: Eirin Helene Rasmussen

– DNT er ein friluftsorganisasjon som ønskjer å ta vare på allemannsretten. Vi trur det er eit gode alle i Noreg set pris på. Retten er vesentleg for vår tur og ferdselskultur og er difor viktig å ta vare på, seier Anne Mari Planke, avdelingsleiar for natur og friluftsliv i Den Norske Turistforening (DNT).

Stad kommune la denne veka ned forbod mot «villcamping» i bestemte område i surfeparadisa Hoddevik og Ervik på Stadlandet.

Dette kunne dei gjere på grunn av ei endring i friluftslova som frå 19. juni gir kommunane myndigheit til å innskrenke allemannsretten.

– Allemannsretten står sterkt

DNT er svært negative til endringane, og fryktar at dette vil føre til at fleire stadar vil gjere det same.

– Det er veldig viktig at alle snur alle dei steinane ein kan før ein går til så drastiske skritt som å innskrenke allemannsretten. Det å leggje til rette for at folk skal kunne campe, kaste søppelet sitt og gå på do, det burde vere mogleg å få til på dei aller fleste plassane i Noreg.

Ho seier også at det er forståeleg at noko må gjerast når lokalbefolkninga føler det er så sterkt press på staden at det ikkje er leveleg der, men legg framleis til at allemannsretten står sterkt.

Opplev at tiltak fungerer

I Flakstad kommune i Lofoten har dei fleire tilsvarande strender som på Stadlandet. Dei opplever også stort trykk av turisme, men vel likevel ikkje å stramme inn allemannsretten.

– Det var oppe til diskusjon for eit par år sidan når det begynte å komme mange turistar til Lofoten. Men vi fant fort ut at det er sterke rettar rundt dette og vi ønska å bevare allemannsretten, seier ordførar i Flakstad kommune, Trond Kroken.

Kvalvika på Moskenesøya i Flakstad

NATURPERLE: Kvalvika på Moskenesøya i Flakstad.

Foto: Trygve Skogrand

Dei har valt å gjere tiltak for å styre publikum vekk frå stader som dei ikkje ønskjer skal verte øydelagde ved å leggje til rette for enklare tilgang til stader dei heller kan opphalde seg på.

– Vi har mellom anna ordna med betre parkeringsmoglegheiter, fått på plass ladestasjonar og merka og skilta vegar betre slik at dei blir leda dit dei skal.

Han vedgår at dei også har utfordringar som dei må finne løysingar på, men seier seg einig med DNT.

– Det kan fort få effektar vidare å innskrenke denne retten. Plutseleg så sit vi med svært avgrensa moglegheiter for folk å bruke naturen. Det skal vi passe oss for.

Meiner det er rett avgjerd

Ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo, står fast ved avgjerda om å avgrense allemannsretten på Stadlandet.

Villcamping på Stadlandet
Foto: Ronald Haaland

– Det ligg ein lang og grundig prosess bak dette frå vår side der det er arbeidd lenge med å finne gode løysingar for å ta vare på naturen og kulturlandskapet i desse områda. Men det vi ser er at her er så stort press på heilt særskilde og sårbare natur og kulturområde at vi meiner dette er rett å gjere i desse områda.

Er det andre tiltak dykk kunne ha gjort før dykk gjekk så drastisk til verks?

– Vi har allereie innført andre tiltak, men det er klart at når vi snakkar om å ta vare på så sårbare og spesielle landskap som dette her, er vi nøydd å nytte føre var prinsippet.