Hopp til innhold

Steinras dundra inn i bustadfelt

19 personar måtte i natt evakuere frå Hæreid på Årdalstangen etter at svære steinblokker dundra ned i eit bustadfelt.

Ann-Kristin Hæreid fortel om rasnatta

GEOLOG; - Ikkje overraska over at det rasa

Politiet fekk melding om raset i halv eitt-tida i natt.

Mellom ti og femten steinar ligg bak bustadhusa i området.

- Ingen av dei som bur i området er skadde, seier Arild Stokkereit.

LES OG; - Eg så berre ei stor røyksky

Bebuarane har no teke inn hos famile, vener og på hotell.

Raset er gått på Hæreid-sida av ved Årdalstangen innst i Sognefjorden. Stupbratte fjell omringar heile området.

LES OG; - Eg vart redd då det rasa

Kommunen i krisemøte no

Knust bygningar

- Steinane har knust ein del bygningar som ligg like over bustadfeltet. Det skal vere snakk om garasje eller lagerskur som er øydelagde. Ein stein på mellom fem og seks kubikk landa på ein veranda til eit bustadhus, opplyser Arild Stokkereit hos politiet.

Politiet og hjelpemannskap frå kommunen kom til staden kort tid etter at raset gjekk. Det ligg mykje stein i området. Etter ei synfaring vart det bestemt at heile området skulle evakuerast av frykt for at det skulle kome nye ras frå fjellsida.

Augevitne Kirsti Guldbrandsen måtte evakuere

Video nsps_upload_2009_12_3_10_29_12_486.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Aguevitne Terje Bjaanes fortel kva han opplevde.

Rista i huset

- Vi kjente at det rista i huset, og vi såg steinspruten kome ned frå fjellsida, seier Ørjan Helle til bt.no

Han bur i rasområdet og fortel til avisa at det ligg steinar berre få meter frå huset hans.

- Raset starta omlag 200 meter oppe i fjellsida over husa, seier han.

Video nsps_upload_2009_12_3_10_1_56_480.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå video frå rasstaden i Årdal

Glad det skjedde om natta

Helle meiner det kunne gått mykje verre om raset hadde kome ned frå fjellet på dagtid.

- Vi har ingen geolog

- Raset har gått i eit turområde. Hadde dette skjedd på dagtid, kunne det gått langt verre, seier han til avisa.

Det er fjellet "Lysenakken" steinmassane har losna frå.

Dei evakuerte vert kalla inn til eit informasjonsmøte hjå kommunen seinare på dagen.

Er rasvoll i fjellet

Det er bygd ein rasvoll i fjellet tidlegare. Men denne gangen gjekk raset like utanom denne, og rasa dermed ned på bustadområdet der det låg folk og sov.

Området er no avsperra, og det er ikkje mogleg å ta seg inn i området med bil.

Politiet har kalla inn ein geolog som skal vurdere rasområdet når det lysnar i morgontimane.

Men det skal framleis ligge lause steinmassar i fjellsida som kan rase ned.

Ras i Årdal

Det var svært nære for bebuarane i dette huset då steinane kom rasande ned frå fjellsida. Denne kjempesteinen landa på ein veranda, og stoppa like ved husveggen. Familien i huset kom ikkje til skade. No ventar alle på at ein geolog skal kome og vurdere faren for nye ras.

Foto: Bjørn Ove Bjånes