Hopp til innhold

Her bryt dei det nye forbodet – politiet varslar kontrollar

Køyrer du elsparkesykkel med passasjer risikerer du no bot på 3000 kroner. Men både overlege og elsparkesykkeloperatør saknar eit tiltak i dei nye reglane.

To unge gutter bryter det nye forbudet mot å være mer enn én person på elsparkesykkelen

LOVBROT: Frå og med 18. mai tel dette som eit lovbrot. Både operatøræringa og politikarane håpar no politiet vil slå hardt ned på uvettig køyring.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Frå 18. mai er det ikkje lenger lov å køyra fleire på same elsparkesykkel. Dersom du blir tatt kan du venta deg ei bot på 3.000 kroner.

– Det synest eg er smart. Det er farlegare når det er meir enn éin, seier Sebastian Johansson.

Johansson hadde ikkje heilt oversikt over det nye regelverket då NRK møtte han i Bergen sentrum.

Det var det fleire som ikkje hadde. På NRK sin runde tysdag kveld var det fleire som braut det nye regelverket ved å stå to på same sykkel.

Politiet varslar at dei kjem til å følga med.

– Me kjem til å gjennomføra kontrollar, på lik linje som me gjer i andre forhold knytt til vegtrafikklova, seier driftseiningsleiar i Vest politidistrikt, Morten Ørn.

Sebastian Johansson

– Eg køyrer aldri med meir en berre éin på sykkelen uansett. Det tør eg ikkje.

Foto: Mette Anthun / NRK

Dette er endringane

Sidan sommaren 2019 har elsparkesykkelen blitt stadig meir utbreidd i norske byar. Og i takt med stadig fleire sparkesyklar, har legevakt og akuttmottaket registrert stadig fleire skader.

I fjor sommar varsla regjeringa grep, og starta arbeidet med å få på plass ei strengare regulering av sparkesykkelbruken.

No er dei klare:

  • Kommunane får fleire verktøy til å handtera trafikale utfordringar. Dei får moglegheita til å handheva parkeringsbrot med parkeringsgebyr. Nye skilt gir høve til å etablera lokalt fysisk skilta soner med parkeringsforbod, fartsgrense eller bruksforbod.

  • Forbod mot å vera fleire på eitt køyretøy. Både politi og Statens vegvesen kan no skriva ut gebyr på 3000 kroner.

  • Ei øvre fartsgrense på 6 km/t ved passering av gåande på gangveg, fortau eller i gangfelt.

  • Trafikkreglane avgrensar ikkje den kommunale råderetten.
Erlend Kristensen

ENTUSIAST: MDG-politikar Erlend Kristensen meiner det var på tide med ei innstramming.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– På tide

Ein av dei som synest det er greitt å få på plass eit lovverk, er sparkesykkel-entusiast og MDG-politikar i Sandnes, Erlend Kristensen.

– Det har vore veldig positivt å ha eit litt fritt køyretøy i dette gjennomregulerte samfunnet. Men det var kanskje på tide å få desse reglane. For det å slenga frå seg elsparkesykkelen på fortauet i vegen for andre er ikkje greitt, meiner Kristensen.

Han brukar sparkesykkelen sin nesten dagleg, og var redd for at regelverket skulle bli for strengt, men meiner det som no gjeld er fornuftig.

Det same meiner byutviklingsbyråden i Bergen.

Thor Haakon Bakke saman med ein elektrisk sparkesykkel.

KONFLIKT: Byutviklingsbyråd i Bergen Thor Haakon Bakke (MDG) kjempa lenge imot Ryde sitt inntog i bergenske gater sommaren 2020.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Saksøkte sparkesykkelaktør

I fjor sommar gjekk byrådet til søksmål mot sparkesykkelaktøren Ryde etter ein lang strid.

No er byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) glad for at kommunane får langt større handlingsrom til å bestemma over eigne gater.

– Det er viktig at det blir gjort tydeleg og klinkande klart at det i norske byar og kommunar er dei folkevalde som sjølve bestemmer over den kommersielle utleigeverksemda.

Ikkje minst er han glad politiet no har høve til å gje bøter i tilfelle med uvørden køyring.

– Det er viktig at folk merkar at her er det stramma inn. Det er trafikkfarleg, noko me har sett fleire døme på i det siste. Eg håpar verkeleg at politiet følgjer opp og handhevar reglane tydeleg,

Christina Moe Gjerde, daglig leder Voi Norge og Finland

ETTERLYSER GRENSE: – Promillegrense, det skulle me kanskje ha sett, seier noregssjef i Voi, Christina Moe Gjerde.

Foto: Voi

– Neppe laserkontroll på elsparkesyklar

Noregssjef for operatørselskapet Voi, Christina Moe Gjerde, ønskjer òg reglane velkomne.

– Me meiner kommunane no har dei verktøya dei treng for å ta ansvaret. Kommunen har fått mykje makt no, og det meiner me er heilt rett.

Også Voi stiller som krav at berre éin person skal vera på elsparkesykkelen samstundes.

– Me kan gjera mykje med teknologien, som å «geofence» fart, som me gjer i enkelte område. Men det me ser er det mest effektive er ei handheving. Det sender eit viktig signal til brukarane, seier noregssjefen.

– Dette er litt som med bilen: Det er fartskontroll som må på plass.

Morten Ørn

VIL HALDA KONTROLLAR: Polititopp i Vest politidistrikt, Morten Ørn, varslar kontrollar på fart og ferdsel. – Men me vil neppe køyra laserkontrollar på elsparkesyklar.

Foto: Ole-Andre Lagmandokk / NRK

Det lovar politiet at dei vil gjera. Ørn varslar kontrollar av fart og ferdsel. Komande veke vil politiet i Bergen ha møte med kommunen for å vurdera ansvarsfordelinga.

– Me skal ta hand om uvettig køyring, og så får kommunen ta hand om parkeringsreglane.

Korleis vil de gjennomføra kontrollar?

– Når det gjeld fart er det ganske lett å sjå skilnad på 20 km/t og 6 km/t. Men det kan bli bevismessige utfordringar dersom desse sakene blir trekt inn for retten, seier driftseiningsleiar Ørn i politiet.

– Men me vil neppe køyra laserkontrollar på elsparkesyklar.

Saknar promillegrense

Lovverket som trådde i kraft 18. mai er meint å redusera skadeverknadene av den elektriske farkosten.

Men både noregssjef i Voi og seksjonsoverlege ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen saknar eitt forbod i verktøykassa: promillegrense.

– Det er ingen løyndom at me i lang tid har hatt eit ønske om det, seier Voi-sjef Moe Gjerde.

I helga var det ni innlagde pasientar i akuttmottaket på Haukeland universitetssjukehus som hadde skader frå ulukker med elsparkesykkel. Fem kom inn 17. mai.

Dei fleste som kjem inn har andlets- og hovudskadar. Fleire har også tannskadar, som er dyrt og tek lang tid å reparera.

– Folk har alltid skada seg i fylla, men me ser definitivt ein auke i hovudsaker etter at elsparkesyklane kom, seier seksjonsoverlege Dagfinn Lunde Markussen i Helse Bergen.

Seksjonsoverlegen er sterkt bekymra for utviklinga.

Dei fleste som kjem inn etter ulukker med elsparkesykkelen er ruspåverka.

Markussen kallar forbodet som trådde i kraft i dag eit framsteg, men er langt frå nøgd.

– Det er eit framsteg, men er skuffa over at det ikkje blei forbod mot å køyra med promille. Me hadde håpa på det.