Hopp til innhold

I denne tunnelen står fotoboksen som blinkar flest hastige bilistar

I snitt var det i fjor meir enn ein bilførar som kvar dag fekk bot for å ha vore for hard på gassen austover gjennom Flenjatunnelen på E16. Totalt har det blitt skrive ut bøter på nesten ein million kroner i denne tunnelen dei siste 12 månadene.

Flenjatunnelen på E16

TOK FLEST: Fotoboksane i Flenjatunnelen på E16 blinka i fjor over 400 bilistar som var for harde på gassen.

Foto: Arne Veum

I løpet av 2012 vart det skrive ut 1586 forenkla førelegg etter at bilistar var for harde på gassen då dei passerte fotoboksane som står langs vegane i fylket. Det er ein del mindre enn for to år sidan då talet forenkla førelegg låg på 1737.

Bjarte Engevik som er trafikkoordinator for politiet i Sogn og Fjordane seier dette har ei naturleg forklaring.

– 2010 skil seg ut med at vi hadde atskilleg høgare driftstid på kamera. I 2012 hadde vi eit par tunnelar der det vart utøvd skadeverk på kamera, og vi hadde i periodar tekniske problem med noko av utstyret, seier han til NRK.no.

23 førarar miste lappen

Det er i dag ti fotoboksar langs vegane i Sogn og Fjordane. Alle er plasserte i tunnelar, dette er i Gudvangatunnelen, Lærdalstunnelen og Flenjatunnelen på E16, og Naustdalstunnelen og Fodnestunnelen på riksveg 5.

Politiet sine tal viser at det var fotoboksen i austgåande retning i Flenjatunnelen som tok flest råkøyrar. 378 forenkla førelegg vart resultatet av kontrollverksemda i fjor. Tal frå politiet sitt ATK-senter viser at fotoboksane i Sogn og Fjordane drog inn nær 3,7 millionar kroner i 2012.

Under ser du den totale oversikta over forenkla førelegg:

  • Gudvangatunnelen på E16: totalt 506 forenkla førelegg
  • Flenjatunnelen på E16: totalt 420 forenkla førelegg
  • Lærdalstunnelen på E16: totalt 384 forenkla førelegg
  • Naustdalstunnelen på riksveg 5: 23 forenkla førelegg
  • Fodnestunnelen på riksveg 5: totalt 253 forenkla førelegg

I tillegg til dei over 1500 bøtene som vart skrivne ut etter at bilistar vart blinka av fotoboksane, var det 23 førarar som køyrde så fort at dei har mist lappen. Dette er ein oppgang på ni frå året før.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjarte Engevik

NØGD: Bjarte Engevik som er trafikkoordinator i Sogn og Fjordane politidistrikt seier politiet i fjor var meir synlege langs vegane enn i 2011.

Foto: Politiet

Færre saker vart lagde vekk

I 2011 blinka fotoboksane over 3000 bilar med for høg fart, men berre vel halvparten fekk bot. Årsaka var til dømes for dårleg kvalitet på bileta, eller at skilta på bilen er vanskelege å lese.

I 2012 gjekk talet på saker som vart lagde vekk kraftig ned. Bjarte Engevik i politiet fortel at dei har hatt 141 henlagte saker.

– Dette seier noko om kvaliteten på det arbeidet som blir gjort og kvaliteten på utstyret vårt, seier han til NRK.no.

Meir synlege enn året før

I tillegg til slike automatiske trafikkontrollar har politiet i Sogn og Fjordane vore mykje ute på vegane i året som gjekk. Engevik seier dei samla sett meiner dei har vore meir synlege enn i 2011.

– I 2012 hadde vi to effektive UP-patruljar, og i tillegg har vi hatt eit jamt høgt kontrollnivå med mannskap frå politiet ute på ulike tidspunkt og plassar.

– Vi har også hatt eit godt og unikt samarbeid med Statens vegvesen, der vi mellom anna har hatt kontrollar saman, seier Engevik til NRK.no.

Vil ha vekk aggressive førarar

Han seier vidare at politiet har stort fokus på nettopp trafikkontrollar.

– Det overordna målet med trafikktryggingsarbeidet er å redusere talet på trafikkulukker med drepne og hardt skadde.

– Vi har eit særskilt fokus på å reagere mot aktlaus og aggressiv køyring med stor fart og farleg bruk av bil, i tillegg til køyring i rusa tilstand, seier han.

Snart klart for snittmåling

Det er ikkje umiddelbare planar om å få på plass fleire fotoboksar langs vegane i Sogn og Fjordane. Men såkalla strekningskontroll eller snittmåling er no like rundt hjørnet.

Lærdalstunnelen på E16 blir den første strekninga i fylket der ein skal måle farten over ei lengre strekning.

Denne typen kontrollar har andre stader vist seg å vere svært effektivt, og har ført til at farten har blitt redusert med ti prosent.

I Lærdalstunnelen er vi snart klare for prøvekøyring, og vi håpar at vi innan 14 dagar kan vere operative med snittmåling der, seier Engevik til NRK.no.