Hopp til innhold

Lærdalstunnelen får fylkets første snittmålar innan påske

Lærdalstunnelen på E16 får fylkets første snittmålar innan påske. Erfaringar viser at farten kan bli redusert med nærmare 10 prosent.

Lærdalstunnelen

Fartssyndarane skal fakkast ved hjelp av nye kontrollmetodar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Statens vegvesen har saman med politiet utvikla ein snittmålar som bereknar farten over ein lengre strekning, også kalla streknings-ATK, som måler farten mellom to punkt.

Farten blir målt mellom to punkt

Målet med strekningskontroll er mellom anna at ein unngår at lokalkjende bilførarar tilpassar farten til punktmålingane med fotoboksar.

– Erfaringane viser at det blir ein jamnare fartsreduksjon over strekninga som vert kontrollert med snittmåling, seier seksjonssjef i Statens vegvesen, Magna Fondenes Vangsnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lærdalstunnelen-skilt på Aurlandsida

Her kjem fylkets fyrste snittmålar.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Lærdalstunnelen, som går mellom Aurland og Lærdal i Sogn og Fjordane og vart opna i 2000, er med sine 24,5 kilometer, blant dei lengste vegtunnelane i verda. Det har blitt målt fartsglade bilførarar opp i 200 kilometer i timen i tunnelen.

Reduserer farten betydeleg

Erfaringar som gjort frå andre stadar med streknings-ATK viser at farten over den målte strekninga vert redusert med 10 prosent. Dessutan held farten seg lågare i opp mot 3 kilometer etter siste målepunkt.

– Vi håpar å få utstyret på plass innan påske. Dette har tatt lengre tid enn venta, seier Fondenes Vangsnes.

Løyvingane til oppgraderinga til det nye kontrollsystemet kom i år, og no skal mellom anna dei eksisterande fotoboksane byggjast om for å få på plass det nye systemet.

– I løpet av vinteren, og helst innan påske, håpar vi på å ha systemet på plass, seier Fondenes Vangsnes.

I tillegg er det fire tunnelar i Sogn og Fjordane som har vanleg ATK - altså fotoboksar: Naustdalstunnelen, Gudvangentunnelen, Fodnestunnelen og Flenjatunnelen.