Hopp til innhold

Heltne Nilsen returnerer for å berge Brann

Midtbanekrigeren tar eit kraftig lønskutt for å redde klubben som ligg tettast hjartet. Fredag landa han i Bergen for å sluttføre avtalen.

Sivert Heltne Nilsen

RETURNERER: Sivert Heltne Nilsen har den siste tida spelt i belgisk fotball. No går han kraftig ned i lønn for å returnerer til Bergen.

Foto: David Pintens / Zuma Press

For tre år sidan forlot han som kaptein eit Brann som kjempa om seriegull. No står berre detaljer att før han er tilbake på eit lag som desperat kjemper mot nedrykk.

– Det er viktig for Sivert at folk forstår kor mykje Brann betyr for han. Han om lag halverer løna for å få være med på ein snuoperasjon i Bergen, seier onkel og rådgjevar Geir Morten Nilsen.

Etter det NRK forstår er det berre detaljar som står att før overgangen frå belgiske Waasland-Beveren er klar.

Har landa i Bergen

BA og BT kunne fredag kveld melda at Heltne Nilsen hadde landa på Flesland klokka 16.55. Der blei han teke i mot av Branns sportssjef Jimmi Nagel Jacobsen.

Det skal ikkje være snakk om ei kortsiktig avtale som er avhengig av at Brann berger plassen i Eliteserien.

– Sivert har fleire gonger vore nær ein overgang tilbake til Brann. Denne gongen er han fast bestemt på å få det til. Det har aldri handla om penger for Sivert, seier onkel Nilsen.

VG har utan hell forsøkt å få ein kommentar frå Nagel Jacobsen.

Etter overgangen frå Brann i juli 2018 har Sivert Heltne Nilsen vore i både dansk, svensk og belgisk fotball.

Waasland-Beveren rykka denne sesongen ned frå den belgiske toppdivisjonen.

Midtbanespelaren noterte 90 kampar for Brann frå 2015 til 2018.

Første gang han kom til Brann, sommaren 2015, låg klubben midt på tabellen i 1. divisjon.

Bård Finne har også landa i Bergen

Brann skal også vera ute etter å kjøpa Bård Finne. BT melder at han landa på Flesland knappe to timar etter Heltne Nilsen.

26-åringen frå Bergen spelte i Brann i 2012- og 13-sesongen.

Allereie som 18-åring reiste angriparen til 1. FC Köln. Han har også spelt i 1. FC Heidenheim. Frå 2017 og ut 2020 spelte han i Vålerenga. Han har no kontrakt med SønderjyskE fram til juni 2024.