Hopp til innhold

– Dette er svært alvorlege brot på krava

FØRDE (NRK): Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.

Gry Sætre og Borghild Sætre Dahl

FÅR HJELP: Borghild Sætre Dahl og mor Gry Sætre. Borghild er ein av dei utviklingshemma som bur i ein kommune der utviklingshemma faktisk får den hjelpa dei skal ha.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette er svært alvorlege brot på krava for at utviklingshemma skal få gode og trygge tenester, seier direktør Jan Fredrik Andresen.

Helsetilsynet sjekka i 2016 57 kommunar, og fann lovbrot i 45. Undersøkingane avdekka svak styring og høgt risikonivå. Det finst svikt med potensielt alvorlege følgjer for brukarane sin livskvalitet og helse.

Borghild er heilt avhengig av hjelp

Gry Sætre

UROA: Gry Sætre seier mange pårørande brukar store delar av livet sitt på å passe på at kommunane gir god nok omsorg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I Førde bur Borghild Sætre Dahl. Den multihandikappa jenta kan ikkje snakke og er heilt avhengig av at dei rundt skjønnar ho.

25-åringen er blant dei heldige som får eit godt tilbod, men hadde ho budd i ei anna kommune kunne det sett annleis ut.

Det veit mamma Gry Sætre, som er fylkesleiar i Norsk Forbund for Utviklingshemmede.

– Vi veit det er pengar i systemet, vi veit at kommunane bør vite om oppgåvene sine, likevel blir det ikkje gjort, seier ho.

– Det er svært urovekkande

Direktør Jan Fredrik Andresen i Statens helsetilsyn

BEKYMRA: Direktør i Statens helsetilsyn Jan Fredrik Andresen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Helsetilsynet har avdekka at i fleire kommunar følgjer ikkje kommuneleiinga skikkeleg med på om brukarane får nødvendige helse- og omsorgstenester, og leiarane spør ikkje om ting fungerer.

– Kommunane strevar med å tilpasse til den enkelte, at brukarane får medverke. Tenestene blir tilfeldige. Kommunane har ikkje sikra tilstrekkeleg kompetanse hos dei som arbeider med utviklingshemma. Det er avgjerande at dei tilsette faktisk forstår kva det dreiar seg om, seier ein alvorstyngd Jan Fredrik Andresen.

Andresen er tydeleg på funna i rapporten truleg gjeld for mange fleire kommunar enn dei som til no har hatt tilsyn.

KS: Vi må lære av rapporten

Kommuneorganisasjonen KS håpar kommunane vil sette seg inn i rapporten.

Helge Eide er direktør for interessepolitikk i Kommunenes Sentralforbund.

MÅ LÆRE: Direktør for interessepolitikk i KS Helge Eide meiner kommunane må lære av rapporten.

Foto: Stortinget

– Nå har den enkelte kommune fått resultata og sett i verk tiltak. Dei kommunane som ikkje har hatt tilsyn kan lese rapporten og lære, seier direktør for interessepolitikk Helge Eide.

Ved kjøkenbordet i Førde har Gry Sætre sett slike rapportar før.

– Eg trur det er viktig å gripe fatt i dette no, det som står i rapportane har gått føre seg lenge.

Treng ein stor diskusjon

Helsetilsynet etterlyser ein brei debatt om tilbodet til utviklingshemma.

– Når ein ser desse alvorlege funna, etter den massive innsatsen som samfunnet har lagt opp til mot denne gruppa, så er det jo heilt opplagt at vi må spørje oss om tilbodet er rett organisert seier Jan Fredrik Andresen.

Men direktøren seier enkelte har lukkast.

– Det vi ser er at 12 kommunar i rapporten får det til. Felles for dei er gode leiarar, som tek grep, er kunnskapssøkande og tett på sine tilsette.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.

Sjå saka frå Vestlandsrevyen.