Hopp til innhold

Krev betre avlasting for psykisk utviklingshemma

Mange kommunar gir eit altfor dårleg tilbod om avlasting til familiar med psykisk utviklingshemma barn, meiner Pårørendealliansen.

Mange kommuner gir et altfor dårlig tilbud om avlastning til familier med psykisk utviklingshemmede

TRENG HJELP: Utan avlasting blir familiar så slitne at dei går til grunne, seier Berit Honningsvåg Presthus.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

Norsk Helseinformatikk reknar med at to prosent av befolkninga har ein moderat form for psykisk utviklingshemming, og at rundt ein halv prosent lir av alvorleg psykisk utviklingshemming.

Familiar med psykisk utviklingshemma barn har gjerne behov for avlasting, men langt frå alle får den hjelpa dei treng, meiner Pårørendealliansen.

Desse foreldra si aller største bekymring er om dei får nok hjelp, opplyser leiar Anita Vatland. Ho hevdar at stadig fleire familiar flyttar til kommunar som har betre avlasting- og skuletilbod.

– Det er viktig at me tar dette på alvor og gir dei pårørande den avlastinga dei treng, elles skaper me nye pasientar av denne gruppa her.

Anita Vatland

VIKTIG MED AVLASTING: Manglande avlasting kan gi fleire pasientar, meiner Anita Vatland.

Foto: Pårørendealliansen

Sommaren er ei tøff tid

– Utan eit avlastingstilbod så går familiane til grunne, for ein blir så sliten, seier Berit Honningsvåg Presthus

For hennar familie er sommarferien ei tøff tid. Presthus si yngste dotter, Vilde, er multihandikappa, og treng hjelp døgnet rundt.

– Det er vanskeleg å tenka seg at ho ikkje skulle ha budd heime, men me treng å slappa av innimellom, seier Presthus.

Familien frå Ytre Arna er heilt avhengig av avlastingsplass for å kunna dra på sommarferie. Bergen kommune sitt avlastingstilbod er betra no, men for nokre år sidan fekk dei nesten ikkje hjelp.

– Til slutt måtte me kalla kommunen inn på banen og seia at me kom til å stupa om me ikkje fekk hjelp snart.

– Stadig fleire vil ha avlasting

Elin Wathne er fungerande direktør for etat for forvaltning i Bergen kommune. Ho seier dei får fleire søknadar om avlasting kvart år.

– Det er synd om foreldre ikkje kan reisa på ferie fordi dei manglar avlasting, men tenestene i Bergen kommune prøver å legga til rette for at dei som har behov for avlasting skal få det.

Elin Wathne i Bergen kommune

FLEIRE SØKER: Elin Wathne i Bergen kommune fortel at stadig fleire søker om avlasting.

Foto: Johanna Husebye / NRK

Talet på avlastings-plassar varierer mykje frå kommune til kommune. Leiaren i Pårørendealliansen, Anita Vatland, meiner familiar med funksjonshemma barn bør bli prioritert.

– Me forstår at alle kommunar har ein feriekabal som skal gå opp, men desse er i ein ekstra sårbar situasjon, og bør bli prioritert først.

Meir tid til eldstedottera

I Bergen får ein vita om ein får avlasting i mai. Då fekk familien Presthus beskjed om at dei får avlastingsplass for den yngste dottera i to veker i juli.

– Det å reisa vekk frå Vilde i to veker er beintøft. Eg grin like mykje på veg til Flesland kvar gong. Men samtidig er det er noko med det å slappa heilt av, og samtidig vita at Vilde har det bra.

Dei to vekene i juli gir tobarnsmora moglegheit til å nytta meir tid med si eldste dotter.

– Ho veit ikkje om noko anna enn at me er ein familie som ikkje er som andre familiar. Så me gler oss veldig til ferie.