Hopp til innhold

Helsepersonell som gjer feil under koronakrisa vil ikkje bli «straffa»

Sjukepleiarar og anna helsepersonell som gjer alvorlege feil i ein pressa korona-situasjon vil ikkje miste autorisasjonen, lovar Helsetilsynet.

Intensivsykepleiere ved Haukeland universitetssykehus

KRISE: Haukeland universitetssjukehus førebur seg på fleire koronapasientar og lærer opp fleire sjukepleiarar i intensivpleie.

Foto: Katrine Sunde / Haukeland universitetssjukehus.

Korona-utbrotet har ført til eit stort behov for helsepersonell.

Studentar, pensjonistar og andre med helsefagleg bakgrunn kan bli kalla inn for å jobbe på norske sjukehus. Erfarne sjukepleiarar kan bli sett til å gjere oppgåver dei ikkje gjer til vanleg.

«Det har vært reist spørsmål om helsepersonell risikerer reaksjoner fra tilsynsmyndighetene dersom det skjer alvorlige hendelser i sammenheng med de ekstraordinære tiltakene som nå iverksettes. Det korte svaret på dette er: nei.» skriv Helsetilsynet på sine nettsider.

– Vi vil sjølvsagt ta stor grad av omsyn til den ekstraordinære situasjonen som er no. Det er viktig at helsepersonell gjer så godt dei kan. Dei skal ikkje vere engstelege for at vi kjem med ein gullstandard nå, seier direktør i Helsetilsynet, Jan Fredrik Andresen.

Det var fagbladet Sykepleien som skreiv om beskjeden fyrst.

Direktør i Helsetilsynet, Jan Fredrik Andresen

INGEN REAKSJONAR: Direktør i Helsetilsynet, Jan Fredrik Andresen, seier dei ikkje kjem til å ta lisensen frå helsepersonell, sjølv om dei gjer alvorlege feil.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Redde for å gjere feil

I Helse Vest har så langt 1923 personar meldt seg til teneste, får NRK opplyst torsdag.

Føretakstillitsvald for Norsk Sykepleierforbund ved Haukeland universitetssjukehus, Karen-Anne Stordalen, er glad for den klare meldinga frå Helsetilsynet.

For ho trur feil lettare vil skje om situasjonen blir så ille som styresmaktene fryktar.

– I dei verste periodane kan det bli lite personell, og vi kjem til å måtte gjere raske vurderingar. Det vil kome mange situasjonar der ein kan gjere feil.

Ho trur det er mange blant hennar medlemmer som allereie er engstelege for at feil kan kome til å skje.

– Eg tenker beskjeden frå Helsetilsynet er positiv. Slik kan folk sleppe å engste seg og kan heller gjere det beste ut av situasjonen.

Karen-Anne Stordalen utenfor akuttmottaket, Haukeland universitetssjukehus

PRESSA: – Eg trur mange er engstelege no, seier Karen-Anne Stordalen som er tillitsvald for sjukepleiarane i Helse Bergen.

Foto: Marit Fonn / Sykepleien

Leiarane sitt ansvar

Sjølv om helsepersonell ikkje skal få reaksjonar for feil personleg, understrekar Helsetilsynet at leiarane i helsetenesta har ansvar for å ikkje sette folk til oppgåver dei ikkje er klare for.

– Feil kan skje i ein ekstraordinær situasjon. Helsearbeidarar vil oppleve både stress, nye oppgåver, stort påtrykk, og kanskje knapt med utstyr. Då ligg det eit tungt ansvar på leiinga. Den enkelte helsearbeidar skal ikkje står igjen åleine.

Direktøren seier leiarar no må sikre at tilsette får kompetansen dei treng for å utføre nye oppgåver. Eller sette dei til andre oppgåver.

– Nokon løyser no andre oppgåver enn dei normalt sett gjer. Då er det viktig at leiinga passar på det er trygt, seier Andersen.

Han understrekar likevel at sjukepleiarar eller andre som kjenner seg utrygge på nye oppgåver har eit ansvar for å sei ifrå til næraste leiar.

Vil følgje med

At helsepersonell no ikkje skal vere redde for reaksjonar om dei gjer feil, betyr ikkje at alt vil passere.

– Kjem nokon full på jobb eller innleier eit intimt forhold til ein pasient gjeld sjølvsagt dei same reglane som vanleg.

Helsetilsynet og fylkesmennene i Noreg vil ha den same rolla som vanleg under korona-krisa, men vil i utgangspunktet ikkje gjennomføre vanlege tilsyn.

Også Danmark og Sverige har formidla liknande beskjedar til dei som nå trør til i helsesektoren.

– Men skjer det alvorleg svikt som er ein direkte trugsmål mot pasienttryggleiken her og nå, må vi agere. Vi lukkar ikkje auga og slår av lyset, vi følgjer med, seier Andresen.