Lærdal sjukehus. Arkivfoto©nrk
Styret la og føringar som vil føre til kutt i akuttberedskapen på lokalsjukehusa, seier styreleiar Mai Vik i Helse Vest.
Nordfjord sjukehus. Arkivfoto©nrk
I realiteten betyr dette at den kirurgiske akuttberedskapen ved sjukehuset i Lærdal og Nordfjordeid forsvinn, men at ein viss medisinsk akuttberedskap på dagtid kan bli oppretthalden. Konsekvensen vert at dagens fødeavdelingar på dei to lokalsjukehusa vil bli erstatta med fødestover, der berre ei jordmor er til stades. Kompliserte fødslar kan difor ikkje lenger utførast ved lokalsjukehusa. Det meiner styreleiaren er godt nok.
Sjølv om Vik understekar at det ikkje er snakk om nedlegging av lokalsjukehusa, syner retningslinene ei klar svekking av tilbodet ved sjukehusa. Det minner meir om distriktsmedisinske senter, som er å rekne som ei litt avansert sjukestove.
Helse Førde får no over rentningslinene som dei skal leggje til grunn i sitt utgreiingsarbeid, før Helse Vest gjer endeleg vedtak til sommaren. Leif Kapstad, direktør i Helse Førde, meiner vedtaka gjev rom for lokal tilpassing. Han meiner og at det er praktisk umogleg dei næraste åra å flytte all kirurgisk akuttberedskap til Sentralsjukehuset.