Får ikkje utsetjing
Bakgrunnen er at Helse Førde årleg må spare inn tilsvarande drifta av både kirurgisk avdeling og medisinsk avdeling ved Sentralsjukehuset i Førde for å kome i økonomisk balanse innan utgangen av 2005. Helse Vest kjem ikkje til å be Stortinget om å utsetje denne fristen.
- Håplaus oppgåve, meiner Leif Kapstad. (Foto: NRK)
- Absurd spel
At Kapstad også kalla effektiviseringsarbeidet i Helse Førde for eit absurd spel, likar administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen, dårleg. Nilssen meiner at Helse Førde alt har fått 70 millionar meir frå Helse Vest enn det dei skulle hatt etter objektive kriterier.
Sit att med rekninga
Men likevel opplever Helse Førde stadig at dei sit att med svarteper. At dei til dømes får pengar frå staten til å byggje ei etterlengta ungdomspsykiatrisk avdeling, men at dei sjølve vert sitjande att med rekninga for drifta.