Målet med å sende den unike steinen med helleristningar på frå Utvik til Bergen var å sikre den betre. Men på museet i Bergen har kulturskatten stått bortgøymd i ni år, skriv Bergens Tidende. Dei einaste som har vist interesse for steinen er folk som taggar.
Grunneigar fekk sjokk
Den 2000 år gamle Kårstadsteinen frå Utvik vart eit ynda objekt for taggarar etter at han vart flytta til Historisk Museum i Bergen. Grunneigar Ola Steinar Hestenes frå Utvik eig grunnen der kulturskatten truleg har stått. Han fekk sjokk då han reiste til Bergen for å sjå kva plass Kårstadsteinen hadde fått på museet.
- Fantasieggande kulturminne
Kårstadsteinen, som Historisk Museum sjølv karakteriserer i årboka si som eit av dei mest fantasieggande kulturminna på museet, har stått bortgøymt og nedgrisa i ni år. No vil Hestenes ha steinen tilbake til Nordfjord.
Ikkje tilbake til Nordfjord
Men professor i arkeologi, Liv Helga Dommasnes, er usamd.
- Når det ikkje er råd å ta vare på kulturminna der dei ligg i naturen, er det bestemt at dei skal plasserast på eitt av dei fem landsdelsmusea, seier ho. Men ho vedgår at dei ikkje har greidd å ta spesielt godt vare på Kårstadsteinen.