Julekonsert utan publikum i salen

Kammerkoret GNEIS heldt tysdag kveld julekonsert, men berre på Internett. Sjå konserten i opptak.

Kammerkoret GNEIS - julekonsert.

SJÅ KONSERTEN: Her er heile julekonserten med Kammerkoret GNEIS.

– Internett er jo ein plass der ting skjer, og då var det på tide at me innfart oss der, seier initiativtakar Tore Kloster.

Han er den som stifta Kammerkoret GNEIS i 1995, eit kor som har eit langtidsprosjekt som heiter «Kor i kontekst».

Med dette prosjektet har dei sett koret og musikken inn mange nye samanhengar, og denne gongen vert konserten «A stream of voices» streama på NRK Hordaland.

– Me vil det skal vera hemmeleg kvar me held konserten slik at publikum berre kan sjå den på Internett, seier initiativtakar Tore Kloster.

Konserten som byrjar klokka 19.30 kan sjåast i videovindauget øvst i artikkelen. Konserten varer i omtrent 40 minutt.

– Har aldri høyrt om liknande

Tore Kloster og Silje Sandodden Kise

SJELDAN KONSERT: Initiativtakar til konserten, Tore Kloster, og koreograf Silje Sandodden Kise trur streaminga av konserten tysdag kveld blir ei spesiell oppleving.

Foto: Eli Vaage / NRK

Kammerkoret GNEIS har tidlegare halde konsertar på eit bibliotek, ein møllehall, ein pub, og ein keramikkverkstad.

At eit kor ikkje ynskjer publikum der dei held konserten, men heller vil streame konserten, er noko Kloster aldri har høyrt om.

– Det er blitt ganske vanleg å kringkaste konsertar. For eksempel Berlinfilharmonien gjer jo det, men det å bruke Internett som det einaste mediet har eg aldri høyrt om før, seier Kloster.

– Det er veldig spanande, for når me skal vera der og ikkje skal ha publikum, så blir det ein heilt annan energi. Me veit ikkje om dette gir ei annan type nerve, seier han.

– Eit eksperiment

Scenograf Silje Sandodden Kise har hatt store utfordringar med å tilpasse konserten med lyd, og med at rommet koret framfører ikkje skal vera mogeleg å kjenne att.

Ho trur kveldens konsertoppleving blir spesiell, nettopp fordi ein må oppleve konserten på heimebane.

– Konserten kjem heim til dei, og publikum kan sjå konserten der dei har Internett-tilgang. Kanskje musikken treff dei litt meir på heimebane, seier scenograf Silje Sandodden Kise.

– Kva kan det at musikken treff publikum på heimebane føre med seg?

– Me har aldri prøvd dette før, så det heile blir eit eksperiment. Det vil påverke forskjellig frå person til person, men kanskje det vil følast meir intimt, undrar Sandodden Kise.

– Det er jo ei luksusoppleving å få eit heilt kor som syng berre for deg, legg ho til.