For vel eitt år sidan bestemte Fjord1 seg for å fire det godt over 100 år gamle flagget, og erstatte dette med den nye Fjord 1-logoen. Endringa vart gjort til kraftige protestar, men reiarlaget har stått fast på avgjerda.
- LES OGSÅ:
– Gledeleg
No har ivrige forkjemparar igjen heist flagget - i det skjulte. Og det på sjølvaste bilferja «Fanaraaken».
(Artikkelen held fram under biletet)
FORTID: Fylkesbaatane-flagget, slik det hang i over 100 år - og no igjen heng på «Fanaraaken».
Foto: Steinar Lote / NRK– Eg synest det var ei veldig gledeleg melding at det heng i toppen på Fanaraaken, seier Henning Rivedal som har fronta flagg-kampen.
- LES OGSÅ:
Vaiar i vinden
Ved ei lita kai i Deknepollen i Vågsøy ligg bilferja «Fanaraaken» i opplag for vinteren. Litt vekkgøymd, før den igjen skal frakte turistar på Sognefjorden.
Men på toppen av ferja med det mest nostalgiske namnet i Sogn og Fjordane vaiar det eit lite og godt brukt raudt flagg. Og går ein nærmare ser ein at det ikkje er kva som helst.
Einkvan har heisa det gode gamle Fylkesbaatane-flagget på toppen av masta.
– Det viser vel berre kva som finst av krefter og entusiasme for det gamle merket til Fylkesbaatane, meiner Rivedal.
(Artikkelen held fram under avrøystinga.)
Har selt 3000 t-skjorter
I oktober i fjor vart Fylkesbaatane-flagget firt på ferjene for siste gong. Fjord1 ville finpusse profilering, trass i protestar frå både tilsette og brukarar reisande. For overgangen har vore alt anna enn straumlinjeforma:
På Facebook vart det prostestgrupper og motstandarane har selt godt over 3000 t-skjorter med det gamle flagget på trykk.
PÅ TV: Knut Nærum viste sin sympati med flaggsaka på Nytt på nytt i fjorårets sesong.
Foto: Oddleif Løset / NRKEit sal som ikkje minst fekk god drahjelp av Nytt på nytt-profilen Knut Nærum bar t-skjorta i beste sendetid på NRK1.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det fortel vel kanskje ei historie om den frustrasjonsen som eg føler vart skapt, seier Rivedal.
Direktøren vil ha flagget fjerna
Administrerande direktør Stig Kristoffersen i Fjord1 synest ikkje dette er noko morsomt.
FRAMTIDA: Dette er logoen som skal vere på dagens ferjer.
Foto: Steinar Lote / NRK– Nei, det er det ikkje. Ein skal ikkje gjere meir utav dette enn det fortener. Eg tenkjer ganske enkelt at her er det nokre gode medarbeidarar som har vore litt ivrige i tenesten. Her har det skjedd noko som ikkje er i krav med våre krav og retningslinjer.
- LES OGSÅ:
No krev Kristoffersen at den raude kluten på toppen av Fanaraaken skal fjernast igjen.
– Det er klart at dette må vi berre få ordna opp i. Det er ein korreksjon som må gjennomførast, fastslår han.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet.)
I VINTERDVALE: «Fanaraaken» som dei siste åra har gått i turisttrafikk på Nærøyfjorden ligg i opplag i Vågsøy.
Foto: Steinar Lote / NRKKampen held fram
– Dei gjer jo som dei vil, sukkar Rivdedal, men han og dei andre ferjenostalgikarane vil ikkje gi opp kampen.
Den held fram både på Facebook og gjennom t-skjortesalet. For dei er Fylkesbaatane-flagget symbolet på eit folkestyrt transportselskap som skapte framgang og utvikling i Sogn og Fjordane. Og slikt tullar ein ikkje med.
– Er det så vanskeleg å hengje dette flagget ved sidan av Fjord1-flagget? Det er ingen som forstår kva som er så vanskeleg med dette, seier flagg-aksjonisten.