Hopp til innhold

Heftig lågtrykk gir oss farevarsel på farevarsel

Kraftige vindkast og dårleg sikt i fjellet i Sør-Noreg. Meteorologane har sendt ut fleire farevarsel for dei neste dagane.

Kråkenes fyr i storm

HALD PÅ HATTEN: Det er venta kraftige vindkast på 25–35 m/s frå laurdag kveld av. Her frå Kråkenes fyr i Nordfjord.

Foto: Merete Høidal / NRK

Mange på Vestlandet går ei veke med vinterferie i møte, men starten på etterlengta feriedagar byr på alt anna enn ein roleg vêrtype.

– Det blir eit fint innevêr i helga. Vi har eit veldig kraftig lågtrykk sør for Island som gir oss mykje vind og nedbør, seier statsmeteorolog Marianne Skolem Andersen

Frå laurdag kveld er det venta kraftige vindkast på 25–35 m/s. Meteorologisk institutt har sendt ut eit gult farevarsel for Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestlandet sør for Stad.

Laster Twitter-innhold

På same tid er det venta mykje nedbør og høgare temperaturar gjennom helga. Det kan kome opp mot 80 mm på 12 timar, mest i indre strøk.

For Rogaland, vestlege delar av Agder og for midtre og indre strøk av Vestland, er det sendt ut eit gult farevarsel for flaum og mykje regn. Det er venta mest regn frå laurdag kveld og fram til sundag morgon.

Laurdag føremiddag kom det varsel på gult nivå om fare for jord- og sørpeskred i Vestland og Rogaland.

For delar av Viken er det fare for jordskred aust for Oslofjorden. Det er venta 20–40 mm med nedbør frå laurdag kveld.

Ventar stor snøskredfare

Har du planar om ein topptur, så bør du tenke deg godt om. Det er betydeleg skredfare gjennom heile helga fleire stadar i Sør-Noreg.

Varsom.no melder om at det blir stor snøskredfare i Hardanger på sundag på grunn av høgare temperaturar og regn. Det kan kome store og naturleg utløyste skred.

– Hald deg unna bratt terreng. Det skal lite til for å løyse ut skred, seier vaktleiar ved snøskredvarslinga, Espen Nordahl.

Finse 20190301. Redningsarbeidere fra Røde Kors søker etter syv personer i et skred på Finsefjellet. Dette er en del av Finsekurset arrangert av Røde Kors i samarbeid med Politi og Norske Redningshunder. Skredøvelsen regnes som Norges største.

ØVING: Her øver Røde Kors på redningsarbeid på Finse.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Trøbbel i fjellet

Kraftig vind gjer at sikta kan bli dårleg for alle dei som skal ta seg over fjellet i Sør-Noreg i helga. Frå laurdag kveld og fram til måndag vil kombinasjonen av snø og vind føre til snøfokk, åtvarar meteorologane.

– Det kan bli vanskelege køyreforhold, seier statsmeteorolog Marianne Skolem Andersen.

Fleire fjellovergangar var stengde natt til laurdag, men er no opne att.