Hopp til innhold

Smitteråka skipsverft krev to negative testar før jobbstart

Ein av fem tilsette ved skipsverftet Havyard i Hyllestad vart koronasmitta. Etter to og ei halv veke med full stopp i arbeidet, måndag opna dei opp att. Men dei innfører strengare smittevern-rutinar.

Havyard i Leirvik, Hyllestad

ENDELEG TILBAKE: Etter to og ei halv veke utan å bygga skip, var det måndag aktivitet på verftet att.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Måndag opna skipsverftet til Havyard i Leirvik igjen portane. I to og ei halv veke har det vore full stopp i all aktivitet ved hjørnesteinsbedrifta med nesten 500 arbeidsplassar.

– Det er noko av det beste som kunne hendt oss. Me er heilt avhengige av denne bedrifta, seier ordførar Kjell Eide.

Nesten ein av fem smitta

Det var i slutten av september at den vesle kommunen med 1400 innbyggjarar vart blodraud. 91 av 495 tilsette i hjørnesteinsbedrifta fekk påvist koronasmitte i løpet av eit par veker.

Måndag var dagen komen for å opna opp att, rett nok med redusert bemanning.

– Det er triveleg å sjå folk igjen etter så mange dagar utan aktivitet. Dei tilsette er godt fornøgde med å vere i arbeid igjen, og ser fram til å ha noko anna å gjere på enn å sitje heime, seier verftssjef Erlend Hatleberg.

Havyard Leirvik, koronatesting.

EINASTE AKTIVITET: Det er nesten 500 arbeidsplassar på verftet. Ei stund var den einaste aktiviteten på verftet smittetesting (arkivbilete).

Foto: Steinar Lote / NRK

Krev to negative testar

– Då smittetala berre auka og auka, var vi veldig uroa for korleis dette ville utvikle seg, seier sjefen.

Han seier dei har lært mykje av utbrotet, og at dei no er blitt samde med kommunen om å innføre strengare smittevernreglar. Det gjeld både i høve til isolering og karantene, men også når det gjeld testing av dei mange utanlandske arbeidarane som jobbar ved verftet.

Erlend Hatleberg hos Havyard i Leirvik.

– NO ER VI BETRE RUSTA: Verftssjef Erlend Hatleberg meiner dei er betre rusta no, dersom det kjem ei ny smittebølgje i den vesle kommunen.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– No krev vi to negative testar, før dei får byrje å jobbe hos oss, seier Hatleberg.

– Vi må vere førebudde på at det kan kome nye smittetilfelle i kommunen, også her på verftet. Men vi er betre rusta til å handtere dette no enn kva vi var tidlegare. Vi er blitt mykje flinkare på smittesporing og handtering av nærkontaktar.

Etterlyser strengare krav frå styresmaktene

– Eg var sikker på at også eg kom til å vera ein av dei smitta. Eg føler med alle som vart smitta og har vore i isolasjon. Ein har jo litt tid til overs når ein er i karantere, så eg har prøvd å ringa vera flink å halda kontakten med dei, seier Eirik Mjømen, som i dag var tilbake på jobb på verftet.

Eirik Mjømen hos Havyard i Leirvik.

FINT Å VERA TILBAKE: Eirik Mjømen er ein av arbeidarane som kan ta til att med skipsbygginga på verftet.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Eit av dei store samtaleemna dei siste vekene har vore korleis smitten har spreidd seg.

– Det har blitt stilt mange spørsmål, og me har lurt mykje på korleis det har smitta frå person til person, og kva som gjer at nokre vart smitta og andre ikkje. Men her er mykje folk, og det er ikkje alltid det enklaste å halda avstand, seier Mjømen.

– Eg håpar regjeringa og Folkehelseinstituttet (FHI) kjem med nye krav til korleis karantenetida skal vera for folk som kjem frå raude land, held han fram.

– At det bør vera strengare?

– Ja.

Forseinka leveransar

Verftssjef Hatleberg seier at driftsstoppen får konsekevensar, men at kundane deira har motteke beskjeden på ein fin måte.

– Dei er naturleg nok uroa for leveringstidene, men dei forstår at vi må gjere dette på ein rett måte, så vi ikkje får ei ny nedstenging, seier Hatleberg.