Hopp til innhold

Havyard stoggar aktiviteten

Det er i løpet av siste veka påvist fire tilfelle av covid-19 i Hyllestad. – Verftet Havyard vel derfor å stanse aktiviteten som eit strakstiltak slik at ein kan få kartlagt situasjonen og sette i verk ytterlegare tiltak for å stoppe smittespreiing, skriv Havyard i ei pressemelding. Alle dei fire smitta er i isolasjon, og smittesporing er sett i gang. Det er foreløpig avdekt 53 nærkontaktar, alle er i karantene.